Vanlege nynorskfeil 3: pronomen og bestemmarord - Eigedomsorda dykkar / dokkar og deira - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Vanlege nynorskfeil 3: pronomen og bestemmarord

Øving

Eigedomsorda dykkar / dokkar og deira

Når vi snakkar til eller om fleire personar, har vi fleire eigedomsord på nynorsk enn på bokmål.

På bokmål bruker vi eigedomsordet deres

  • når vi snakkar til fleire: Hvor er syklene deres, gutter?
  • når vi snakkar om fleire: Emil og Henrik må være hjemme. Syklene deres står utafor huset.

På fagspråket seier vi at vi bruker eigedomsordet deres i andre og tredje person fleirtal. Andre person er den vi snakkar til, tredje person er den vi snakkar om. (Og første person er den som snakkar.)

Nynorskreglane

På nynorsk har andre og tredje person fleirtal kvart sitt eigedomsord:

  • Kvar er syklane dykkar, gutar? (andre person fleirtal)

    • Alternativt kan vi òg skrive: Kvar er syklane dokkar, gutar?
  • Emil og Henrik må vere heime. Syklane deira står utanfor huset. (tredje person fleirtal)

Øving

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2019