Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Bøying av inkjekjønnsord

Inkjekjønnsorda er substantiva som har artikkelen "eit" framom seg, som til dømes "eit hus" eller "eit eple". Øv deg på korleis du skal bøye desse.

Enkel hugseregel

Rett bøying av inkjekjønnsord er noko mange med bokmål som hovudmål slit med. Årsaka er nok at fleirtalsformene kan høyrast framande ut. Å skrive om fleire "menneske" og "verkemiddel" ligg langt frå talemålet til mange med bokmålsnære dialektar.

Men eigentleg er inkjekjønnsbøyinga ganske enkel, for alle inkjekjønnsorda blir bøygde likt, nemleg slik: "eit barn – barnet – fleire barn – alle barna". Dette er også den absolutt vanlegaste måten å bøye ordet barn på, på bokmål. Derfor er ein god hugseregel denne:

På nynorsk bøyer vi ALLE inkjekjønnsorda slik som bokmålsordet "barn":

  • eit barn – barnet – fleire barn – alle barna

Sagt på fagspråket: Inkjekjønnsord skal ikkje ha ending i ubestemt form fleirtal, og dei skal ende på -a i bestemt form fleirtal.

Øving 1

Les teksten under. Nokre av inkjekjønnsorda i teksten er bøygde rett, andre er bøygde gale. Marker alle orda som er feil.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Øving 1 som rein tekst

Finn dei inkjekjønnsorda som er feil bøygde i denne teksten:

Diktene "Ord over grind" og "Hvilket rom har bare plass til én?" er skrivne av to kjende lyrikarar. Dei to diktarane har brukt ei rekke språklege verkemidlar. Motivane er ganske like: Begge diktane skildrar ein stad der berre éin person kan bu og der ingen andre har åtgang. I "Ord over grind" er det ei grind som står mellom det lyriske eg-et og ein du-person, og lesaren kan sjå for seg eit gjerde, kanskje med eit hus i bakgrunnen. I "Hvilket rom har bare plass til én?2" er det kroppen som blir skildra som staden kvart menneske har for seg sjølv. Ingen annan kan komme inn. Begge dikta tematiserer det faktumet at alle menneske inst inne er aleine. Er dette eit sakn? Eller har dei kanskje behov for å vere det? Det er nok mange menneskar som kan kjenne seg igjen i denne tematikken.


Øving 2

Øving 3

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 01.09.2026