Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk symboler

Vi omgir oss med symbol kvar einaste dag, ofte utan at vi legg merke til det. I desse oppgåvene skal du utforske kva ulike symbol kan stå for.

Del 1: Emojiar

Mange bruker ofte emojiar i staden for bokstavar i ulike tekstmeldingar.

  1. Kva betyr symbolikken i samtalen under? Skriv samtalen med berre bokstavar.
  2. Sjå på den siste samtalen du hadde med nokon på mobilen. Kva symbol bruker du mest, og kva betyr dei?

Del 2: Symbolikk i kunstverk

  • Sjå på biletet ovanfor. Kva kan kroppsspråket til dei to figurane symbolisere?

Del 3: Symbolikk i flagg

  • Her ser du det samiske flagget. Kva symboliserer ringen og dei ulike fargane?

Del 4: Religiøse symbol

  • Kva står desse tre symbola for?

Del 5: Symbol i dikt

Dei fire diktlinjene nedanfor er begynninga på eit dikt som forfattaren og journalisten Nordahl Grieg las opp frå NRKs radiostasjon i Tromsø den 17. mai 1940.

  1. Kva var annleis enn tidlegare på denne 17. mai?
  2. Forklar symbolbruken i dei to første linjene.

I dag står flaggstangen naken
blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen
vet vi hva frihet er.

(Grieg, 1940)

Kjelde

Grieg, N. (1940). "I dag står flaggstangen naken", framført på radio 17. mai 1940.

Relatert innhald

Symbol

Les om symbol som språkleg verkemiddel.

Skrive av Marion Federl, Cecilie Isaksen Eftedal og Åsa Abusland.
Sist oppdatert 07.04.2026