Hopp til innhald
Nynorsk
Kjeldemateriale

Trymskvida

Trymskvida er ei av dei mest kjende forteljingane frå den norrøne mytologien. Det er ei historie med snert, humor og eit skrått blikk på kjønnsroller. Her får du utdrag med forklaringar.

Litt om teksten

Trymskvida er eit gudedikt i Den eldre Edda. Diktet fortel historia om korleis guden Tor blei fråstolen hammaren og må kle seg ut som kvinne for å få han tilbake.

1.

Vreid var Vingtor
då han vakna
og hamaren sin
han munde sakne.
Skjegg han riste,
hedna han skok;
tok son åt Jord
um seg å trivle.

Og han dei ordi
aller fyrst kvad:
"Høyr du Loke
her kva eg segjer,
som ingen på jord
hell i uppheimen veit:
frå åsgud hev dei
hamaren stoli."

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Tor vaknar sint, fordi han ikkje finn hammaren sin. Han vender seg mot venen Loke og fortel han om nyhendet.

3.

Gjekk han til Frøya
i fagre tun,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:
"Vil du meg Frøya,
din fjørham låne,
at eg min hamar
hitte måtte?"

Flaug då Loke,
fjørhamen dunde,
til ut han kom
av Åsagarden,
og inn han kom
i Jotunheimen.

4.

Frøya kvad:
"Eg gav deg han gjerne,
um av gull han vøre;
og lét deg han få,
var han laga av sylv."

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Loke går til gudinna Frøya og ber henne om å få låne "fjørhamen" hennar. Ifølgje norrøn mytologi eigde Frøya ein fjørdrakt som gjorde at gudane kunne fly. Frøya låner han villig bort, og Loke flyr mot Jotunheimen for å finne ut om Tor sin hammar kan vere der.


6.

Trym sat på haugen,
tusse-drotten,
band han batt
åt bikkjom av gull,
og måni meitte
på marom sine.

7.

Trym kvad:
"Koss gjeng det åsom?
Koss gjeng det alvom?
Kvi kjem du einsleg
til Jotunheimen?"

Loke kvad:
"Ilt er med åsom,
ilt er med alvom.
Hev du Lorrides
hamar løynt?"

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Jotnekongen Trym sit i Jotunheimen. Her lagar han gullband til hundane sine og flettar manen på hestane. Han spør Loke korleis det går med gudane. Loke går rett på sak og seier det går dårleg fordi dei har mista hammaren. Deretter spør han Trym om det er han som har teke han.

8.

Trym kvad:
"Eg hev Lorrides
hamar løynt
åtte raster
under jordi.
Ingen honom
att fær heimta
utan han fører meg
Frøya til viv."

9.

Flaug då Loke,
fjørhamen dunde,
til ut han kom
av Jotunheimen,
og inn han kom
i Åsagarden.
Tor honom møtte
midt i tunet,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:

10.

"Hev du heppe
havt med ærend?
Sei der i lufti
den lange tidend;
sitjande selle
soga si gløymer,
og liggjande mann
lyg det han beller."

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Trym innrømmer å ha stole hammaren. Han krev Frøya som brud for å gi han tilbake. Loke flyr tilbake til Åsgard. Her blir han møtt av ein utålmodig Tor som ber Loke fortelje kva som har skjedd i Jotunheimen.

11.

Loke kvad:

"Heppe eg hev
havt med ærend,
Trym hev din hamar,
tusse-drotten;
ingen honom
att fær heimta,
utan han fær honom
Frøya til viv."

12.

Gjeng dei fagre
Frøya å finne,
og han dei ordi
aller fyrst kvad:
"Bitt um deg, Frøya,
brure-linet,
me tvo skal aka
til Jotunheimen."

13.

Vreid vart då Frøya
så ho frøste,
og åsa-salen
all han bivra.
Ned spratt bjarte
brisinga-menet.
"Manngal dei meg
meiner vera,
um eg ek med deg
til Jotunheimen."

14.

Alle i senn
var æser på tinge
og åsynjur
alle til stades.
Rådlag heldo
rauste gudar,
koss Lorrides hamar
dei hitte skulde.

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Tor og Loke går til Frøya for å fortelje henne at ho skal gifte seg med Trym for at Tor skal få tilbake hammaren. Men ho reagerer med å bli rasande og nektar å bli med til Jotunheimen. Då samlar gudane seg på Tinget for å finne ut av korleis dei skal løyse problemet.

15.

Kvad det Heimdall,
kvitaste åsen,
- vidt såg han fram
som vanene elles -:
"Binde me um Tor
brure-linet,
bere han bjarte
brisinga-men.

16.

Late um honom
lyklar ringle
og kvende-klæde
um kne falle;
på brjostet setje me
breie steinar,
og hagleg binde me
hovud-toppen."

17.

Kvad det Tor,
den trauste ås:
"Kjering vil då
kalle meg æser,
lèt eg meg binde
med brure-lin."

18.

Kvad då Loke,
Lauvøy-sonen:
"Teg deg, Tor,
ala kje dette;
snart kjem jotnar
til Åsgard byggje,
um inkje din hamar
du heimtar att."

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Heimdall, den kloke guden, har ei løysing på problemet. Han foreslår å kle Tor i brudeklede for å lure Trym. Tor nektar. Han er redd dei andre vil le av han viss han går med dameklede. Men Loke insisterer og seier at jotnane vil overta Åsgard om Tor ikkje har hammaren sin og kan beskytte dei.

19.

Batt dei um Tor då
brure linet
og det bjarte
brisinga-menet,
lèt dei um honom
lyklar ringle
og kvendeklæde
um kne falle,
sette på brjostet
breie steinar,
og hagleg batt dei
hovud-toppen.

20.

Då kvad Loke,
Lauvøy-sonen:
"Meg til terne
du take med deg,
so èk me to kvende
til Jotunheimen."

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Tor får på seg kvinneklede. Som bryst blir brukt to steinar, slik at han skal bli meir feminin. Loke ser på han og seier han har lyst til å bli med som brudepike.

21.

Snøgt vart båe
bukkane heimta,
sprette i skoklar,
skulde vel renne.
I berg det brotna,
brann i jord loge,
ók Odins son
til Jotunheimen.

22.

Då kvad det Trym,
tusse-drotten:
"Upp og bere
på benkjer halm,
no fører dei meg
Frøya til viv,
dotter åt Njord
i Noatun.

23.

Her gjeng innmed garden
gullhyrnde kyr,
ålsvarte uksar,
jotnen til gaman.
Eg hev nøgdi av gull,
hev nøgdi av godar,
einast Frøya
eg no vantar."

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Tor og Loke dreg til Jotunheimen. Vogna til Tor er trekt av dei to bukkane hans. Trym blir glad når han ser dei. Han skryt av rikdommen sin og seier at no kjem det einaste han manglar: Frøya som kone.

24.

Tidleg um kvelden
kom det til dess
at fram for jotnar
øl vart bori.
Sjølv åt han ein ukse,
åtte laksar,
alle dei kråser
til kvendi var laga,
tri kaggar mjød
drakk mann hennar Siv.

25.

Då kvad det Trym,
tusse-drotten:
"Kvar såg du brur
bite kvassare?
Aldri såg eg brur
bite breidare
eller meir mjød
nokor møy drikke."

26.

Sat ho attmed,
den innfule terna,
som ord fann til svars
på jotuns tale:
"Frøya åt inkje
åtte næter,
so ovhuga var ho
til Jotunheimen."

27.

Han letta på linet,
var lysta te kysse,
men undan han stokk
endelangt i salen.
"Kvi er så illkvasse
augo på Frøya?
Eld meg tykkjest
or augo loga!"

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Det er brudefest, og som vanleg har Tor stor appetitt. Blant anna et han åtte laks og ein okse. I tillegg drikk han enorme mengder med mjød. Trym er både imponert og litt skeptisk og seier han aldri har sett ei kvinne ete og drikke så mykje. Loke, som er redd Tor skal avsløre seg, prøver å avverje ein katastrofe ved å sei at "Frøya" har gledd seg så mykje til å kome til Jotunheimen, at ho ikkje har ete på åtte dagar.

Deretter bøyer Trym seg over den kommande bruda si og lettar på sløret hennar. Men han blir skremd av det illsinte blikket til "Frøya".

30.

Då kvad det Trym,
tusse-drotten:
"Bere inn hamar'n
bruri å vigje,
leggje Mjølne
på møyar-kne,
vigje oss saman
med Vår si hand."

31.

Lo i hugen
Lorride godt,
då hardhausen
sin hamar kjende.
Trym drap han fyrst,
tusse-drotten,
og jotunætti
all han tynte.

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Loke held med å unnskylde "bruda". Han seier ho ikkje har sove på åtte netter fordi ho har gledd seg sånn. Deretter kjem det inn ei gammal jotnekone med hammaren, slik Trym har lova. Hammaren blir lagt i bruden sitt fang. Då ler Tor høgt og drep Trym og heile jotneslekta.

32.

Drap den aldruge
jotun-systri,
ho som bad han
um brureskatten.
Skjell ho fekk
for skillingar
og hogg av hamar
for haug av ringar.
So kom Odins son
att til sin hamar.

Tekst: Ukjent / CC BY-NC-SA 4.0

Forklaring

Også den gamle jotunkvinna blir drepen. Slik kom Tor tilbake til hammaren sin.

Kjelde

Trymskvida. Henta 27.11.2020 frå https://heimskringla.no/wiki/Trymskvida

Relatert innhald

Skrive av Ukjent.
Sist oppdatert 15.06.2026