Oppgåve
Interaktivt innhald
Tolkien og norrøn mytologi
J.R.R. Tolkien var professor i litteratur og språk. Men aller mest kjend er han for bøkene Ringenes herre, Hobbiten og Silmarillion. Her får du seks utfordringar. Klarer du å finne ut av korleis han blei inspirert av norrøn mytologi og litteratur? Utfordre gjerne ein annan i klassen til duell.
Del 1: Les om Tolkien og den norrøne inspirasjonen
Det er viktig at du les all teksten inni presentasjonen. Etterpå får du nemleg ein liten test for å sjekke om du har fått med deg innhaldet.
Del 2: Kva hugsar du?
Hugsar du det du nettopp las? Sjekk deg sjølv ved å fylle inn rubrikkane som er tomme.
Del 3: Diskuter i grupper
- Kvifor trur de Tolkien valde å bruke historier, karakterar og namn frå dei gamle norrøne historiene?
- Kjenner de til meir moderne døme på litteratur, spel eller filmar som er inspirerte av den norrøne mytologien eller litteraturen?
- Kvifor trur de populærkulturen har så mange referansar til det norrøne? Kva gjer det med tekstane deira?