Språkendring – kva er det, og kvifor skjer det? - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Språkendring – kva er det, og kvifor skjer det?

Det er kjent at språket stadig er i endring, men kva er det som eigentleg endrar seg, og kvifor skjer det?

Språkendring: Kva er det?

Når vi snakkar om at språket forandrar seg, meiner vi som regel det som på fagspråket heiter strukturelle språkendringar. Det vanlegaste er endringar i ordtilfanget. Det inneber at ord blir laga, forsvinn eller endrar meiningsinnhald. Strukturelle språkendringar er òg endringar i uttale, skrivemåte, bøying eller setningsoppbygging.

Fonologien – enkeltlydane i språket

Når vi endrar lydane i språket, kallar vi det fonologiske endringar.

Eit kjent døme på fonologisk endring er kj-lyden, som er i ferd med å forsvinne til fordel for sj-lyden.

Eit anna aktuelt døme finn vi i og rundt Oslo. Tradisjonelt har talespråka i dette området hatt to ulike l-lydar i ord som "spele" og "kalle". No er det fleire og fleire som uttaler desse orda med same l-lyd, og det er l-en i "spele" som tek over.

Morfologien – byggjeklossane til ordet

Når vi endrar måten vi lagar ord på, og korleis vi bøyer ord, kallar vi det morfologiske endringar.

Eit døme på ei morfologisk endring er når substantiv endrar kjønn. I norrønt var til dømes orda "vår", "sommar" og "haust" inkjekjønnsord, medan i moderne norsk er dei hankjønnsord.

Eit anna døme vi finn i somme norske talespråk, er bortfall av objektsform av personlege pronomen. På Austlandet kan vi høyre "hu snakka med de", og i Aust-Agder "kan eg kjøre med du?"

Eit tredje døme er når nokon går frå å lage adjektiv med "-aktig" til å lage adjektiv med "-isj": "gulaktig" --> "gulisj".

Ordtilfanget – ord som kjem, og ord som går

Den endringa vi lettast legg merke til i kvardagen, er endringar i ordforrådet. At ord blir borte og nye kjem til, kallar vi leksikalske endringar.

Nokre eldre døme på leksikalske endringar er lånorda frå gresk og latin som kom til Noreg med kristendommen rundt år 1000: "kyrkje", "prest", "kristen", "engel" og "djevel" (norrønt: "kirkja", "prestr", "kristinn", "engill", "djofull".

Nokre nyare døme er "rusbrus", "lommeringe", "instahets", "datainnbrot", "krenkingshysteri" og "virusfast".

Nokre døme på ord som ikkje blir brukt lenger, er "dagmamma", "bandsalat", "fattigkasse" og "skuggelue".

Semantikken – betydinga til orda

Når sjølve betydinga av ord og uttrykk endrar seg, kallar vi det semantiske endringar.

Eit døme på ei semantisk endring er ordet "opsjon", som på norsk betyr "forkjøpsrett", men som av somme blir brukt i betydinga "alternativ" (etter engelsk "option").

Eit anna døme er ordet "snæppe", som inntil nyleg var norsk slang for "å klikke", men som no (òg) betyr "å sende eller utveksle meldingar gjennom Snapchat-appen".

Prosodien – melodien og rytmen til språket

Når vi endrar tone, melodi, rytme eller trykk i språket, kallar vi det prosodiske endringar.

Eit døme på melodisk endring finn du viss ein vestlending byrjar å snakke austlandsk. Eit døme på trykkendring er når nokon går frå å seie "parabol" med trykk på første staving: /'parabu:l/; til å seie det med trykk på tredje staving: /para'bu:l/.

Syntaksen – når orda blir sette saman

Når setningsoppbygginga endrar seg, kallar vi det syntaktiske endringar.

Overgangen frå kasusspråk til leddstillingsspråk i norsk er eit velbrukt døme på ei syntaktisk endring. I norrønt var det måten orda blei bøygd på, som til dømes viste kva som var subjekt og objekt i setninga. I moderne norsk er det rekkjefølgja på orda som viser det.

Andre og meir moderne døme er når nokon går frå å seie eller skrive "forslag til kva du kan gjere på date" til å seie eller skrive "forslag til kva å gjere på date", eller frå "ho ringjer viss ho ikkje kjem" til "ho ringjer viss ho kjem ikkje".

Kvifor endrar språket seg?

Det er tre årsaker til at språket endrar seg:

  1. endringar forårsaka av eigenskapar ved språket i seg sjølv

  2. ubevisste, spontane endringar forårsaka av samfunnstendensar

  3. bevisste, planlagde endringar forårsaka av språkpolitisk styring og planlegging

Endringar forårsaka av eigenskapar i språket

Menneske lever ikkje evig, og kvar ny generasjon må lære språket og på ein måte attskape det. Då kan det oppstå små "feil". Ofte blir slike feil luka bort etter kvart, til dømes "j" i staden for "r" eller "slådde" i staden for "slo".

Nokre gonger kan slike feil feste seg og blir overført til neste generasjon. Til dømes heitte det i eldre norsk "å flå – flår – flo", men på eit tidspunkt byrja fleire å godta den galne uttalen "flådde" i preteritum. I dag er det ingen som tenkjer på "flådde" som feil.

Analogi

Dømet med "å flå" blir kalla analogi. Det betyr at språkbrukarane generaliserer ut frå eit mønster som allereie finst i språket, og så lèt det gjelde òg for ord som i utgangspunktet ikkje følgde dette mønsteret. Sidan ord som "å slå" følgjer mønsteret "å slå – slår – slo", overførte usikre språkbrukarar dette mønsteret til ordet "å flå".

Det same har skjedd med perfektum av "å slå" som tidlegare var "har slege", men som nå mest blir bøygd "har slått" etter analogi frå svake verb som "har møtt" eller sterke verb som "har fått". I bokmål og i mange norske dialektar blir i dag orda "å bære" og "å skjære" ofte bøygd "bærte – har bært" og "skjærte – har skjært" i staden for "bar – har båret" og "skar – har skåret".

Assimilasjon

Ei anna vanleg endring som kjem av eigenskapar ved språket i seg sjølv, er at lydar påverkar kvarandre. Det blir kalla assimilasjon.

Eit døme på dette kan vere uttalen av "vers", som i fleire norske dialektar blir uttalt "væsj". Her har s-lyden blitt påverka av r-lyden som står framfor, slik at dei har smelta saman til ein sj-lyd. Eit anna døme er ordet "land", som i mange dialektar blir uttalt "lann". Her har n-lyden ete opp den etterfølgjande d-lyden.

Tenk over:

Fleire og fleire uttaler kj-lyden som sj-lyd i ord som "kylling", "kjedeleg", "kjapp" og "kino". Trur du det kjem av indre eller ytre årsaker?

Endringar forårsaka av samfunnstendensar

Språket vårt er uløyseleg knytt til samfunnet vi lever i. Samfunnsendringar påverkar derfor språket utan at vi kan styre det eller bremse det. Det kan vere endringar som følgje av naturkatastrofar, nye oppdagingar, ny teknologi, kulturelle endringar, vitskapleg utvikling og nye idéar og ideologiar. Desse er gjerne spontane og ubevisste og påverkar særleg talespråket.

Til dømes førte overgangen frå ein munnleg til ein skriftleg kultur til utviklinga av ein meir skriftleg stil med lengre og meir komplekse setningar og abstrakte omgrep. I dag ser vi korleis den digitale teknologien mellom anna viskar ut skiljet mellom det uformelle talespråket og det meir formelle skriftspråket.

Endringar forårsaka av språkpolitisk styring

Vi menneske prøver òg å styre språket i ei viss retning, til dømes ved å fastsetje skrivereglar og vedta lover og føresegner om korleis språk skal utvikle seg, og kva status dei skal ha i samfunnet. Slik språkstyring blir gjerne kalla språkplanlegging og språkpolitikk og dreier seg først og fremst om skriftspråket.

At Noreg har to skriftspråk – eller i det heile har skriftspråk – er eit resultat av språkstyring. Det same er rettskrivingsreglane og lovene som regulerer statusen til norsk språk, til nynorsk og bokmål, til urspråk og minoritetsspråk og så vidare.

Kjelder

Johnsen, Egil Børre (red.) (1987). Vårt eget språk i går og i dag. Aschehoug. Oslo.

Lomheim, Sylfest (2007). Språkreisa. Norsk gjennom to tusen år. N. W. Damm & Son AS. Oslo.

Relatert innhald

Fagstoff
Korleis kan vi styre språket?

Er det sånn at språkendringar “berre skjer”, eller kan vi styre språket som vi vil? Og kven kan i så fall styre det?

Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2021