Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Film

Småfugler – islandsk realisme

Den islandske filmen Småfugler handlar om utanforskap, oppvekst og vanskelege familieforhold. I denne oppgåva skal de sjå filmen, diskutere tematikken og utforske korleis han er ein del av den realistiske tradisjonen.

Del 1: Kva vil filmen fortelje dykk?

Sjå filmen (lengde 1:34:59). Etter de har sett han, skal de jobbe både individuelt og saman om kva filmen eigentleg vil formidle.

  1. Skriv åleine: Kva syntest du var det viktigaste i denne filmen? Altså: Kva er det han vil fortelje deg? Grunngi svaret ved å vise til scenar frå filmen.

  2. Snakk i grupper: Samanlikn svara dykkar. Hadde de lagt vekt på det same? Diskuter eventuelle forskjellar.

  3. I klassen: Diskuter tematikken i filmen i plenum. Skriv gjerne stikkord på tavla eller i eit samskrivingsdokument.

Del 2: Ein realistisk film

Jobb i par:

  1. Les artikkelen "Realismen, både ein skrivemåte og ein epoke", som handlar om realismen som skrivemåte i litteraturen.

  2. Lag ei liste over kva som kjenneteiknar den realistiske skrivemåten.

  3. Diskuter korleis de kan kjenne igjen den realistiske tradisjonen i filmen Småfugler. De skal altså ta utgangspunkt i notata om skrivemåten, men overføre dette til realismen i filmmediet.

Del 3: Innhald og forteljemåte

Skriv ein tekst på 300–500 ord der du forklarer korleis det du meiner er tematikken i filmen, blir formidla gjennom ein realistisk forteljestil. Bruk fagomgrep som "miljøskildring", "indirekte personskildring" og "" i teksten din.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 06.10.2026