Skriveoppdrag til samanlikningar om tekst i kontekst i vg3

Oppgåve 1. Mennesket og naturen
Vedlegg:
Arne Johan Vetlesen (2014): "En hilsen av kjærlighet"
Knut Hamsun (1894): Utdrag fra Pan
Samanlikn måten naturen blir skildra på i dei to tekstane. Bruk relevante fagomgrep.
I oppgåva "Samanlikn natursynet i Pan og to moderne tekstar" finn du spørsmål som kan hjelpe deg å reflektere over temaet.
Oppgåve 2. Mennesket i byen
Vedlegg:
Rudolf Nilsen (1929): "Midt i byen"
Rolf Jacobsen (1933): "Signaler"
Tolk og samanlikn dei to dikta. Du skal skrive om både form og innhald og bruke relevante fagomgrep.
I oppgåva "Førlesing av to dikt om byen" finn du spørsmål som kan hjelpe deg å reflektere over temaet.
Oppgåve 3. Om pengar
Vedlegg:
Arne Garborg (1903): "Um pengar"
Anna Kleiva (2018): "Pengar, (veks på tre, tre veks på kroppen min)"
Samanlikn framstillinga i dei to tekstane av pengar. Skriv om både form og innhald, men du vel sjølv kva du vil leggje mest vekt på. Reflekter til slutt kort over temaet i tekstane.
I oppgåva "Arne Garborg og Anna Kleiva om pengar" finn du spørsmål som kan hjelpe deg å reflektere over temaet.
Relatert innhald
Ein steg-for-steg gjennomgang av korleis du kan skrive hovuddelen når du skal samanlikne dikt.
Modelltekst og tips om korleis du kan byggje opp avsnitt som samanliknar tekstar.