Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

Rundt år 1100 drog mange kristne adelsmenn og vikingar frå Nord-Europa til landområda lengst aust i Middelhavet for å kjempe mot det herredømmet muslimane hadde fått over «det heilage landet». Ein av dei var den norske kongen Sigurd Jorsalfare.

Sigurd Magnusson (1089–1130), som seinare vart kalla Sigurd Jorsalfare, var ein av sønene til Magnus Berrføtt som vi kan lese om i «Soga om Magnussønene» i Snorres Kongesoger. Som kongane før han drog også Magnus Berrføtt ut på vikingtokter, og gutungen Sigurd følgde faren i vesterleid.

Frå viking til korsfarar

Men då Sigurd vart vaksen, endra både reisemålet og føremålet med reisa karakter. Sigurd vart ein av mange kristne europeiske adelsmenn som drog til Konstantinopel (Istanbul) og Jerusalem (på norrønt kalla «Jórsalir» eller «Jórsalaborg») for å kjempe mot muslimane som då rådde over store delar av Midtausten.

Reisa gjekk frå Noreg til England, deretter vidare rundt kysten av Spania og Portugal, før flåten på heile 60 skip sette kursen innover i Middelhavet. Undervegs var flåten fleire gonger i kamp med «heidningar», blant anna i byane Lisboa og Sintra. Desse heltegjerningane er nøye skildra i dei mange kvada som er tekne med i «Soga om Magnussønene».

I 1110 kom Sigurd og følgjet hans til Jerusalem der kong Balduin tok imot han. Balduin var konge over det riket korsfararane allereie hadde etablert der. Soga fortel at Sigurd bada i Jordan-elva, der Jesus tusen år tidlegere skal ha blitt døypt av Johannes. Sigurd og mennene hans hjelpte Balduin med å erobre andre byar i nærleiken.

Deretter gjekk reisa vidare til Konstantinopel, som på norrønt vart kalla Miklagard. Der vart Sigurd godt motteken av Alexios I, som var keisar over det austromerske riket. Som norsk «turist» sørgde han for å risse namnet sitt i marmorrekkverket i den viktigaste heilagdomen i byen, Hagia Sofia.

Utdrag frå «Soga om Magnussønene» i Snorres kongesoger

Kjelde: Magnussønnenes saga

10.

Om sommeren seilte kong Sigurd ut over Grekenlandshavet til Jorsalaland. Så drog han opp til Jorsalaborg og møtte der jorsalakongen Baldvine. Kong Baldvine tok overmåte vel imot kong Sigurd og rei med ham ut til elva Jordan og tilbake til Jorsalaborg.

Så sier Einar Skulason:

I Grekenlandshavet høvding
lot havkalde skipet duve –
det er ikke småting
som skalden kan synge
om kongens storferd
til han fikk landfestet skipet
ved store og vide Akersborg.
Hele hæren med kongen
hilste den morgen med glede.

Jeg nevner at kampglade
konge kom til Jorsala-byen;
under den vide himmel
hævere høvding fins ei.
I Jordans rene bølger badet
den gavmilde fyrsten.
Alle som hørte om det,
høyt måtte prise dåden.

Kong Sigurd oppholdt seg lenge i Jorsalaland utover høsten og førstningen av vinteren.

11.

Kong Baldvine gjorde et flott gjestebud for kong Sigurd og mange av mennene hans. Da gav kong Baldvine kong Sigurd mange helligdommer, og med samtykke av Baldvine og patriarken ble det tatt en spon av det hellige kors, og begge to svor ved helligdommen at dette tre var av det hellige kors som Gud sjøl var pint på. Etterpå ble denne helligdommen gitt til kong Sigurd på det vilkår at han og tolv andre menn med ham svor på at han skulle fremme kristendommen av all sin makt, og reise en erkebispestol i landet om han kunne, og at korset skulle være der den hellige kong Olav hvilte, og han skulle innføre tiende, og sjøl gi tiende. Kong Sigurd fór siden til skipene sine i Akersborg. Da rustet også kong Baldvine hæren sin for å fare til Syrland til en by som heter Sætt; den borgen var hedensk. Kong Sigurd fulgte med ham på den ferden. Da kongene hadde holdt byen kringsatt ei kort tid, gav de hedenske menn seg, og kongene vant byen, men hærmennene fikk alt det andre hærfanget. Kong Sigurd gav kong Baldvine hele borgen.

Så sier Halldor Skvaldre:

Den hedenske byen vant du
med velde, men bort du gav den,
gavmilde kriger! Alltid
du ære vant i kampen.

Einar Skulason sier også om dette:

Dølenes konge tok Sidon,
slikt kan nok karene minnes.
Slynger tok da sterkt
til å svinge seg i striden.

Stridsmannen brøt en festning
som faretruende stod der.
Sverdene ble farget røde,
fyrsten fikk gledelig seier.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019