Rudolf Nilsen – ein ekte austkantdiktar - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Rudolf Nilsen – ein ekte austkantdiktar

Rudolf William Nilsen (1901–1929) vaks opp i Oslo. Som revolusjonær diktar var han oppteken av kåra til fattigfolk i gråbeingardane på austkanten. Men det er likevel få som har skildra livet i storbyen med større kjærleik enn han.

Gateguten frå Vålerenga

Rudolf Nilsen vart fødd på Vålerenga i Oslo, som den gongen heitte Kristiania. Faren var jarnarbeidar på Nylands Mekaniske Verksted. Etter at foreldra skilde seg, vaks sonen opp hos mora, som livnærte seg som syerske. Oppvoksteren kom til å prege både samfunnsengasjementet og heile forfattarskapen til Rudolf Nilsen:

Jeg kom til verden i en murstensgård
og ble en gategutt.
Og ingen gategutt er født i går,
han finner tidlig både skyteskår
og krutt.

I diktet «Nr. 13» skildrar Rudolf Nilsen korleis det er å vekse opp i gråbeingardane på austkanten i Oslo. Menneska som bur i nr. 13, er skildra med både varme, humor og ironi. Men forfattaren minner oss om at dei som bur der, deler skjebne med arbeidarar over heile verda – nr. 13 finst alle stader der fattigfolk bur:

Det finnes mange fler i andre byer her på jord,
det er milevis av gater – der hvor fattigfolket bor –
ja, De finner Nr. 13 helst i byers øst og nord.

På stengrunn

Den første diktsamlinga til Rudolf Nilsen, med tittelen På stengrunn, kom ut i 1925. I denne diktsamlinga skildrar han livet til vanlege arbeidsfolk aust for Akerselva. Livet er hardt, og gledene er få. Men djupt i alle lever lengten etter eit betre liv:

De unge bjerkene i svarte byen
de står og bruser med sitt lyse løv,
som om de åndet store skogers vårluft
og ikke skorstensrøk og gatestøv.

For Nilsen var byen uansett plassen der han høyrde til, og det er få diktarar som har skildra livet i storbyen med større kjærleik enn han. I det urbane samfunnet er alt skapt av menneske og underlagt menneskeleg kontroll. Hos realisten og ateisten Rudolf Nilsen er det ikkje plass til metafysikk og religion:

Og varm av lykke går jeg her og kjenner:
i dette dyp har jeg mitt hjem, min rot.
For her er allting skapt av menskehender –
fra lyset ned til stenen ved min fot.
Her blinker ingen stjerner gjennom natten
som stumme trusler om en evighet,
her visker ikke mulmet mot mitt øre
sin uforståelige hemlighet.

Klassekamp og revolusjon

I 1920-åra var forfattarar som Olav Duun og Sigrid Undset opptekne av det etiske ansvaret som enkeltmennesket har for slekta og for lokalsamfunnet det er ein del av. I forfattarskapen sin peiker Rudolf Nilsen på ei ny form for slektskap og forplikting: Arbeidarklassen er den nye slekta, og dei som høyrer til arbeidarklassen, er etisk forplikta til å ta del i klassekampen.

Jeg kjenner en mening med livet.
Det er at du gjør din plikt
i stort og i smått mot din klasse
– i handling, i tanke og dikt.

Allereie som gymnasiast var Rudolf Nilsen politisk interessert. I 1919 melde han seg inn i Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund. Då arbeidarrørsla vart politisk splitta i 1923, valde Rudolf Nilsen den revolusjonære linja som Norges Kommunistiske Parti stod for.

Våpenet hans var pennen. Han skreiv både artiklar, petitar og dikt, og i ein periode var han tilsett som journalist i NKP-organet Norges Kommunistblad. Alt han skreiv, både som journalist og forfattar, er farga av innsikt i dei vilkåra arbeidarklassen levde under, og av ein revolusjonær glød inspirert av den russiske revolusjonen i 1917.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Midt i byen

Rudolf Nilsens dikt "Midt i byen".

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2018