Løys mordgåta i Jante - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Løys mordgåta i Jante

Aksel Sandemose skreiv to bøker om Espen Arnakke. Dei handlar blant anna om eit mord. Men spørsmålet er ikkje kven som drap. Espen veit nemleg godt at mordaren er han sjølv. Spørsmålet han vil prøve å finne svar på, er kvifor han drap. Prøv deg som psykoanalytisk detektiv og løys gåta!

Del 1: Nødvendig bakgrunnsinfo

Les teksten under. Ta testen nedst for å sjekke at du har forstått innhaldet.

Den første romanen om Espen Arnakke er romanen En sjømann går i land. I denne romanen dreg Espen som sjømann til New Foundland. Her møter han ein mystisk person – John Wakefield. Dei utviklar ein slags venskap som seinare utviklar seg til fiendskap. På New Foundland treffer Espen også den vakre kvinna Eva, og han forelskar seg veldig. Men John Wakefield kaprar henne, noko som fører til intens sjalusi frå Espens si side, og han drep rivalen sin.

Romanen En flyktning krysser sitt spor er oppfølgjaren til romanen der Espen drep John Wakefield, og det er her han prøver å oppklare mordårsaka. Kvifor reagerte han så sterkt på å miste kvinna han var forelska i, at han valde å drepe?

For å finne svaret går han, som Freud ville gjort, tilbake til barndommen sin. Romanen er altså ein erindringsroman. Den startar på notidsplanet: Espen er 34 år, bur i Noreg, men tenkjer tilbake på barndommen i byen Jante i Danmark. Sandemose var inspirert av Freuds psykoanalyse og meinte at løysinga måtte liggje i barndommen. Derfor lar han romankarakteren Espen Arnakke drive ein slags sjølvanalyse for å finne svaret på kvifor han blei ein mordar.

Ta testen

Har du forstått teksten og oppdraget? Sjekk deg sjølv ved å ta testen under:

Del 2: Bli ekspert på psykoanalysen

Når du har forstått oppdraget, er du klar til neste steg – nemleg å gå laus på oppdraget. Men for å kunne løyse ei psykoanalytisk gåte må du kunne litt om Freuds teoriar.

Relatert innhald

  1. Les fagartikkelen "Freud og psykoanalysen".

  2. Sit i grupper og diskuter spørsmåla under:

    • Kva meinte Freud med at psyken til mennesket var bygd opp av id, ego og superego?

    • Hva er underbevisstheita, ifølgje Freud?

    • Hva er den einaste måten å få tilgang til underbevisstheita på?

    • Kvifor meinte Freud at barndommen og oppsedinga var så viktig?

    • Korleis gjekk Freud fram med pasientane sine i terapi for å hjelpe dei? (Hint: barndommen og fortrenging)

    • Kva er "fri assosiasjon"?

    • Kvifor var draumetyding så viktig i psykoanalysen?

    • Korleis viste typiske maskuline og feminine former seg i folk sine draumar, meinte Freud?

    • Kva var Ødipuskomplekset?

Del 3: La oss komme i gong!

No er du endeleg klar for å forske på det som er kjelda di. Du skal lese eit kapittel i romanen En flyktning krysser sitt spor som heiter "Den hellige sten". Det er nemleg i dette kapittelet Espen Arnakke meiner å finne svaret på gåta, men svaret står ikkje i klartekst. I staden driv Espen ein slags sjølvanalyse og legg fasiten fram for lesaren i symbolsk form, slik som er typisk for psykoanalysen.

  1. Finn kapittelet "Den hellige sten" i En flyktning krysser sitt spor på Nasjonalbiblioteket.

  2. Løys oppdraga under saman med ein medelev i klassen.

Oppdrag 1

Les dei to første sidene i kapittelet "Den hellige sten". (Denne steinen er nok et symbol.) Freud meinte at forbodne drifter og kjensler skjulte seg i det underbevisste, men trådde fram i symbolsk form. Sjå på sitata frå dei to sidene du har lese. Kva kan "steinen" vere eit symbol på?

Nokre hint som kan hjelpe deg

Spor 1: "Det kom en dag ute i hytten min på Fagerstrand da jeg husket at jeg hadde vært forelsket i en sten."

Spor 2: "Jeg ser den for meg, jeg kjærtegnet den daglig i mange år."

Spor 3: "Min store kjærlighet satt i muren høyst en meter over jorden. Jeg husker den hetest fra en tid da jeg måtte strekke meg opp for å nå den."

Spor 4: "Jeg har vært som bundet til den ved en navlestreng."

Oppdrag 2

No har du forhåpentlegvis funne ut kva steinen kan vere eit symbol på. Men gåta er ikkje løyst enno, for årsaka til mordet er ikkje oppklart. Løysinga finn du nemleg inni den heilage steinen. Les resten av kapittelet og sjå om du kan finne fleire spor.

Hint

Spor 5: "(…) kastet resultater like for nesen på meg med et spotsk: Vær så god, der har du det, stakkar."

Spor 6: "Og den hellige sten åpnet seg i furen på midten, den slo opp sine dører, og jeg så inn i et lysende land, jeg så inn i Paradisets have hvorfra jeg var drevet ut for lenge siden. Jeg ravet, måtte sette meg, brått slått ut som jeg ikke har kjent det siden jeg stod over John Wakefields lik i Misery Harbour. Og inne i den hellige sten lyste min fars milde ansikt."

Spor 7: "Og jeg kjente til bunns min ulykke, alle disse svarte fortvilelsens år."

Spor 8: "Hva kunne skjedd hvis jeg for bare få år siden hadde sett noen øve vandalisme mot stenen i Adamsens mur? Jeg hadde overfalt mannen. Det er så sikkert som var det virkelig skjedd. Jeg føler at jeg ville ha gjort det og ikke tenkt klart før det var for sent."

Del 4: Har de funne løysinga?

No er det på tide å formulere løysinga på krimgåta. Jobb i same par som i førre oppgåve.

  1. Skriv ned eit svar på spørsmålet: "Kvifor drap Espen John Wakefield"? De må grunngi svaret dykkar ved å vise til Freuds teoriar om psykoanalysen.

  2. Skriv ned to–tre sitat som de meiner er ei god grunngiving for funnet dykkar.

  3. Samanlikn svara dykkar med svara til andre i klassen. Er de einige?

Ein og ein les opp svaret sitt. Har de funne ut av det same? Eller er de ueinige? Og kva med grunngivinga?

Del 5: Er Espens måte å løyse mordgåta på logisk?

Denne siste oppgåva kan de løyse saman i par. For like interessant som løysinga på krimgåta er måten Espen finn ho på. Medan du las kapittelet, la du kanskje merke til at forteljarstilen er oppstykka og ukronologisk? Årsaka er at Sandemose i denne delen av romanen ikkje er oppteken av ytre handling, men det som skjer i Espens indre.

  1. Kvar finn Espen løysinga på mordgåta?

  2. Kvifor ville Freud sagt at måten Espen løyser gåta på, er umogleg?

Hint

Spor 1: "Jeg vil åpne for en sentral som jeg trengte inn til for mindre enn en måned siden. Da gjenopplevde jeg en tragedie fra min barndom."

Spor 2: "I natt er det ikke et menneske som meddeler tørr erfaring. For dette er gjenopplevd av barnet selv. Jeg var barn i noen få minutter, og da kom det. Det finnes ting i det som ligner på en drøm. Men det er ingen drøm. Det er erindringer i billedsprog fra den gang jeg var på vei opp til mennesket, og tenkte i syner."

Spor 3: "Det er dette arbeid i dypet som ikke alltid er skjult for meg. Jeg ser det foregå som under en glassplate."

Del 5: Oppsummer

Diskuter i klassen:

  1. Koleis viser gåta om Espen Arnakkes drap at Sigmund Freud hadde sterk innverknad på forfattaren Aksel Sandemose? Grunngi svaret.

  2. Synest de tankane om påverknaden frå barndommen på den vaksne personlegdommen verkar relevante? Grunngi svaret.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021