Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Korleis samanlikne tekstar i kortsvar?

Kva skal til for å skrive eit godt kortsvar der du blir beden om å samanlikne tekstar? I denne ressursen vil du få både tips, oppgåver og ein modelltekst som kan hjelpe deg.

Del 1: Les og diskuter oppgåva

Les både oppgåve- og vurderingsteksten under. Diskuter deretter i par:

  1. Forstår de kva oppgåva ber dykk om å gjere?

  2. Kva trur de kan bli vanskeleg å få til i denne oppgåva?

  3. Korleis vil de strukturere eit svar på ei slik oppgåve?

  4. Kva trur de er spesielt viktig å få til for å skrive eit godt svar på denne oppgåva?

Del 2: Les og diskuter vedlegga

Jobb åleine

  1. Les gjennom diktet "Signaler" av Rolf Jacobsen. Fortel med eigne ord kva du meiner er temaet i diktet.

  2. Gjer det same med Rudolf Nilsens dikt.

  3. Skriv ned alle likskapar og forskjellar du finn i tematikken i dei to dikta.

Diskuter i par

  1. Samanlikn svara dykkar. Diskuter deretter kva de ville ha skrive om de skulle ha samanlikna framstillinga av byen i dei to dikta.

  2. Oppgåva ber ikkje om ein fullstendig analyse av dikta, men i vurderingsteksten er det krav om "relevant og presis bruk av fagspråk". Det kan derfor vere lurt å ha med nokre relevante fagomgrep. Diskuter i para:

    • Er dikta tradisjonelle eller moderne?

    • Begge dikta er frå mellomkrigstida. Er det noko ved konteksten som kan forklare at dikta framstiller byen så ulikt?

    • Kva vil de seie er det viktigaste verkemiddelet i kvart dikt? Bruk døme.

I plenum

Diskuter i klassen:

  1. Kva vil de legge vekt på når det skal skrive om framstillinga av byen i dikta?

  2. Kva meiner de er relevante fagomgrep å bruke når de skal svare på oppgåva?

  3. Korleis vil de strukturere svaret dykkar?


Oppgåveteksten

Vedlegg

"Signaler" av Rolf Jacobsen, 1933

"Midt i byen" av Rudolf Nilsen, 1929

Samanlikn korleis byen blir skildra i dei to vedlagde tekstane. Bruk døme frå tekstvedlegga i svaret ditt.

Skriv omtrent 300 ord.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgande område

Tekstforståing

  • samanliknar tekstvedlegga på ein relevant måte og bruker døme

Språkføring og fagspråk

  • språket er gjennomgåande godt formulert, med variert ordtilfang

  • relevant og presis bruk av fagspråk

Struktur

  • formålstenleg og variert setningsstruktur og god samanbinding mellom setningar

  • tekstvedlegga blir samanlikna på ein oversiktleg måte 

Formelle ferdigheiter

  • det er gjennomgåande korrekt rettskriving og teiknsetting

Del 3: Les eit godt svar på oppgåva

Jobb åleine

  1. Les svaret under. Skriv deretter ned minst tre punkt som gjer dette til eit godt svar.

  2. Korleis er teksten bygd opp? Prøv å finne ut om du kan sjå eit mønster i avsnittsoppbygginga i hovuddelen.

  3. Marker alle fagomgrepa i svaret.

Mennesket i byen

Dei to dikta "Midt i byen" (1929) av Rudolf Nilsen og "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om korleis det er å leve i byen. Men sjølv om dei er skrivne på nesten same tid, er framstillinga av bylivet ulik.

Dikta har på mange måtar likt motiv: Dei skildrar korleis eit menneske opplever byen. Tematikken er likevel ulik. Nilsen tematiserer gleda og fellesskapen i byen: "Byen, alltid byen, til jeg engang slukner brått". Jacobsen, derimot, skildrar byen som ein einsam stad.

Medan "Midt i byen" er eit tradisjonelt strofisk dikt, er "Signaler" eit moderne dikt med seks ujamne avsnitt. Den tradisjonelle forma i "Midt i byen" forsterkar tematikken fordi ho skaper ein fast rytme som speglar det harmoniske innhaldet. "Signaler", derimot, har korte verselinjer og setningane er oppstykka, noko som understrekar den stressa framstillinga av byen.

Eit påfallande trekk ved begge dikta er at dei har skildringar av bylydar. Desse lydlege elementa blir ofte skildra i besjelingar. Nilsen omtaler lydane som "byens stemme", medan Jacobsen skildrar sanseinntrykka som "bilhjulets smatt" og "melkevogners gniss".

Men det er først og fremst verdiladde ord som får oss til å oppfatte temaa i dikta ulikt. Jacobsen skriv om "pilende tog" og "larmende restauranter". Dei sterkast negativt lada orda er i det siste avsnittet: "ensom" og "gjaldende hånd", og det fargar oppfatninga av dikta samla sett. Heilt annleis skildrar stemma i Nilsen sitt dikt opplevinga si av byen: Hjartet "svinger frydefullt". Denne positive grunnhaldninga gjer at også besjelingane verkar positivt lada. Alle lydane i byen forsterkar nemleg kjensla av å høyre til for eg-et.

Kanskje kan målet til forfattarane forklare kvifor dei framstiller byen så ulikt? Nilsen ville vere arbeidarklassen sin diktar, og byen var heimen til arbeidarane. Dermed er det naturleg at han hyllar byen. Jacobsen var modernist, og som mange andre modernistar viser han dei negative sidene ved byen.

Tekst: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Jobb i par

  1. Samanlikn svara dykkar i førre oppgåve.

  2. Les gjennom tipsa og gå gjennom og diskuter oppgåvene i boksane under.

Oppgåve: Tekstforståing

I denne oppgåva skal du vise tekstforståing. Diskuter i klassen:

  1. Kva betyr det å vise tekstforståing?

  2. Kva er det viktigaste å få til når oppgåva ber dykk peike på språklege likskapar og forskjellar?

  3. Korleis viser svaret de nettopp har lese, god tekstforståing?

Svar: Tekstforståing

Korleis viser modellteksten tekstforståing?

Teksten følger denne todelinga:

  1. Skrivaren viser døme frå vedlegga for å grunngi samanlikninga si:

    • Men det er først og fremst verdiladde ord som får oss til å oppfatte temaa i dikta ulikt. Jacobsen skriv om "pilende tog" og "larmende restauranter".

  2. Skrivaren samanliknar korleis byen blir framstilt i dikta:

    • Heilt annleis skildrar stemma i Nilsens dikt opplevinga si av byen: Hjartet "svinger frydefullt".

Du viser god tekstforståing når du les tekst, tolkar han og vurderer sjølvstendig.

Oppgåve: Fagomgrep

I denne oppgåva skal du bruke eit presist fagspråk. Diskuter i klassen:

  1. Kva for nokre ulike fagomgrep blir brukte i teksten?

  2. Kva tilfører det svaret at det blir brukt presist fagspråk?

Svar: Fagomgrep

  1. Når du bruker fagomgrep, får du vist norskfagleg kompetanse.

  2. Du vil òg få til eit meir presist språk når du bruker fagomgrep.

  3. Under ser du nokre utvalde setningar der det blir brukt relevante fagomgrep:

    • Medan "Midt i byen" er eit tradisjonelt strofisk dikt, er "Signaler" eit moderne dikt med seks ujamne avsnitt.

    • Desse lydlege elementa blir ofte skildra i besjelingar.

    • Dei sterkast negativt ladde orda er i det siste avsnittet.

Oppgave: Struktur

Jobb i par

  1. Marker det som er innleiinga, hovuddelen og avslutninga til svaret.

  2. Kva gjer skrivaren i

    • innleiinga

    • hovuddelen

    • avslutninga

  3. Prøv å fortelje att kva rolle kvar av dei tre delane speler i svaret.

Svar: Struktur

Innleiing, hovuddel og avslutning

  • Alle kortsvar bør ha ei markert innleiing, ein hovuddel og ei avslutning for å skape struktur for lesaren.

  • Men når du skal skrive kortsvar, er det viktig at innleiinga og avslutninga er korte og presise. Årsaka er at du bør spare flest mogleg ord til hovuddelen for å svare godt på oppgåva.

Om innleiinga

Innleiinga i denne oppgåva blir brukt til å

  • presentere tekstane (setning 1)

  • antyde kva som er konklusjonen på spørsmålet i oppgåva (setning 2)

(1) Dei to dikta "Midt i byen" (1929) av Rudolf Nilsen og "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om korleis det er å leve i byen. (2) Men sjølv om dei er skrivne på nesten same tid, er framstillinga av bylivet ulik.

Om hovuddelen

  • I hovuddelen blir kvart avsnitt brukt til å samanlikne framstillinga av byen i dikta.

  • Legg merke til at det blir brukt sitat frå teksten for å grunngi samanlikningane.

  • Sitata er godt bakte inn i setningane, slik at dei ikkje øydelegg setningsflyten.

Nilsen omtaler lydane som "byens stemme", medan Jacobsen skildrar sanseinntrykka som "bilhjulets smatt" og "melkevogners gniss".

Oppgave: Avsnittsstruktur

Jobb i par:

Sjå på dei tre avsnitta i hovuddelen. Korleis er dei bygde opp for å skape samanheng i teksten? Er det ein samanheng som gjer det enkelt for lesaren å følge tankerekka til skrivaren?

Svar: Avsnittsstruktur

  1. Temasetninga viser kva avsnittet skal handle om (verdiladde ord):

    • Men det er først og fremst verdiladde ord som får oss til å oppfatte temaa i dikta ulikt.

  2. Om verdiladde ord i tekst 1:

    • acobsen skriv om "pilende tog" og "larmende restaurantar". Dei sterkast negativt ladde orda er i det siste avsnittet: "ensom" og "gjaldende hånd", og det fargar oppfatninga av diktet samla sett.

  3. Om verdiladde ord i tekst 2:

    • Heilt annleis skildrar stemma i Nilsens dikt opplevinga si av byen: Hjartet "svinger frydefullt". Denne positive grunnhaldninga gjer at også besjelingane verkar positivt ladde. Alle lydane i byen forsterkar nemleg kjensla av å høyre til for eg-et.

Oppgave: Setningskoplarar

  • Les gjennom svaret og marker alle ord og frasar som skaper flyt i språket.

  • Legg merke til setningskoplarar som bind saman setningar og avsnitt.

Svar: Setningskoplarar

  1. Å bruke setningskoplarar skaper god flyt i språket.

  2. Ver bevisst når du skriv. Bruk setningskoplarar mellom setningar og avsnitt heile vegen!

  3. Under ser du døme på setningar med god bruk av setningskoplarar:

    • Den tradisjonelle forma i "Midt i byen" forsterkar tematikken fordi den skaper ein fast rytme som speglar det harmoniske innhaldet. "Signal", derimot [...]

    • Eit påfallande trekk ved begge dikta er at dei har skildringar av bylydar. Desse lydlege elementa ...

Om avslutninga

  • Skriv ei kort og presis avslutning.

  • I modellteksten blir avslutninga brukt til å vise kunnskap om språkhistoria og slik setje tekstane i vedlegget inn i ein kontekst.

  • Det viser sjølvstende, norskfaglege kunnskapar og evne til refleksjon.

Modellteksten:

Kanskje kan målet til forfattarane forklare kvifor dei framstiller byen så ulikt? Nilsen ville vere arbeidarklassen sin diktar, og byen var heimen til arbeidarane. Dermed er det naturleg at han hyllar byen. Jacobsen var modernist, og som mange andre modernistar viser han dei negative sidene ved byen.

Del 4: Kva har du lært?

Skriv fritt i fem minutt: Kva er det aller viktigaste du har lært no, og som du vil ta med deg til eksamen?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 18.08.2026