Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Kven er kjerringa mot straumen?

Kjerringa mot straumen har blitt eit uttrykk som blir brukt i ulike samanhengar. Kven var "kjerringa mot straumen"? Finst det slike kjerringer i dag?

Oppgåve

Før du startar med oppgåvene under – kva forbind du med ordet "kjerring"? Er det eit positivt eller negativt lada ord for deg? Beskriv personen du ser føre deg.

Del 1: Folkeeventyret

  1. Les "Kjerringa mot strømmen". Gi ein karakteristikk av "kjerringa mot straumen" i dette folkeeventyret.

  2. Kva for eigenskapar har ho? Er ho framstilt sympatisk eller usympatisk? Kven får du som lesar sympati med? Grunngi svaret ditt.

Del 2: Camilla Collett på 1800-tallet

  1. Korleis omtaler Camilla Collett "kjerringa mot straumen"?

  2. Får du inntrykk av at ho meiner det same som kjem til uttrykk i folkeeventyret om kva det vil seie å vere "kjerringa mot straumen"? Grunngi svaret ditt.

Del 3: Ulrikke Falch og F-ordet

Filmen under er første episode av ein serie der Ulrikke Falch ville undersøke haldningane ungdommar har til likestilling. Sjå filmen (lengde 23:11) og diskuter:

  1. På kva måte kan Ulrikke Falch seiast å vere "kjerringa mot straumen"?

  2. Kva for eigenskapar har ho til felles med kjerringa i eventyret og Colletts skildring av kjerringa?

  3. Kjenner du andre "kjerringer mot straumen" i dagens samfunn? Kva kjenneteiknar dei?


Del 4: Kjerringa i kontekst

Samanlikn dei tre tekstane. På kva måte er skildringa av kjerringa påverka av tida og samfunnet teksten er skriven i?

Skrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist oppdatert 17.08.2026