Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Kva er spesielt for dramasjangeren?

Kva skil dramaet frå dei andre skjønnlitterære sjangrane? Vi tek for oss det klassiske dramaet og ser på kva som skil det frå epikk og lyrikk.

Litt om forskjellane

Episk dikting er forteljingar, som romanar og noveller. Forfattaren skriv desse for at éin person skal lese dei om gongen. I lyrisk dikting er forfattaren oppteken av å formidle ei stemning, og rytme er spesielt viktig. Du kan anten lese dei lyriske tekstane sjølv, eller du kan lytte til dei, som i songlyrikk. Begge desse skjønnlitterære hovudsjangrane har éin eller fleire forteljarar som formidlar eit tema. I lyrikken kallar vi det "stemma".

Drama er ein tekst som skal framførast

Dramatisk dikting skil seg frå dei to andre skjønnlitterære hovudsjangrane. Den viktigaste forskjellen er at forfattaren skriv ein tekst som skodespelarar skal framføre framfor eit publikum.

I tillegg er dramaet alltid ein samansett tekst med fleire i spel. Du har til dømes mimikken og kroppsspråket til skodespelarane, scenografi, musikk og kanskje dans, i tillegg til verbalteksten.

I dramaet finst det som regel ingen forteljar. Vi får berre vite det personane sjølv seier, eller det vi ser dei gjere. Vi må tolke kjenslene deira ut frå dialogen og kroppsspråket.

Eitt manuskript, to tekstar

Dramateksten er manuskriptet som dannar grunnlaget for ei teaterframsyning. Manuskriptet (manuset) består eigentleg av to tekstar: ein hovudtekst og ein sidetekst. Hovudteksten er replikkane, altså det personane i dramaet seier, mens sideteksten er dei ulike scene- og regitilvisingane som dramaforfattaren legg inn i manuset.

Under ser du starten på Ibsens Et dukkehjem (1879). Han er kjend for å bruke ganske detaljerte sidetekstar:

FØRSTE AKT

En hyggelig og smakfull, men ikke kostbart innredet stue. En dør til høyre i bakgrunnen fører ut til forstuen; en annen dør til venstre i bakgrunnen fører inn til Helmers arbeidsværelse. Mellem begge disse dørene et pianoforte. Midt på veggen til venstre en dør og lengre fremme et vindu. Nær ved vinduet et rundt bord med lenestoler og en liten sofa. På sideveggen til høyre, litt tilbake, en dør, og på samme vegg, nærmere mot forgrunnen en kakkelovn med et par lenestoler og en gyngestol foran. Mellem ovnen og sidedøren et lite bord. Kobberstikk på veggene. En etasjeovn med porselensgjenstander og andre små kunstsaker; et lite bokskap med bøker i praktbind. Teppe på gulvet; ild i ovnen. Vinterdag.

Der ringes ute i forstuen; litt etter hører man at det blir lukket opp. Nora kommer fornøyd nynnende inn i stuen; hun er kledd i yttertøy og bærer en hel del pakker, som hun legger fra seg på bordet til høyre. Hun lar døren til forstuen stå åpen etter seg, og man ser der ute et bybud som bærer en julegran og en kurv som han gir til stuepiken som har lukket opp for dem.

NORA

Gjem juletreet godt, Helene. Barna må endelig ikke få se det før i aften, når det er pyntet. (Til budet; tar portemonéen frem) Hvor mye –?

BYBUDET

Femti øre.

​NORA

Der er en krone. Nei, behold det hele.

Budet takker og går. Nora lukker døren. Hun fortsetter å le stille fornøyd, mens hun tar yttertøyet av.

NORA tar en pose med makroner opp av lommen og spiser et par; deretter går hun forsiktig hen og lytter ved sin manns dør.

Jo, han er hjemme. (Nynner igjen, idet hun går hen til bordet til høyre.)

Utdraget er språkleg modernisert av NDLA.

Dialog og monolog

Vi kallar hovudteksten i eit drama for dramadialog. Dette er fordi teksten i hovudsak er ein samtale mellom to eller fleire personar.

Eit drama kan òg innehalde monologar (einetale). Ein monolog er ein lengre del av stykket der berre éin person snakkar. Som regel er denne personen åleine på scenen. Monologen gir oss ofte eit betre innblikk i kva rollepersonen kjenner og tenker.

Stemmebruk og kroppsspråk

Det er frå replikkane vi får den viktigaste informasjonen om karaktertrekket til rollepersonane og om forholdet deira til omgivnadene. Men replikkane er meir enn ord. Stemmebruk og kroppsspråk er heilt avgjerande for tolkinga vår av det som blir sagt.

I filmen nedanfor (lengde 9:54) møter du skodespelaren Tom Larsen. Sjå og høyr han demonstrere korleis han jobbar med rollene sine:

Video: Babusjka AS, Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Scenetilvisingar

Scenetilvisingane i manuskriptet gir oss viktige opplysningar om når og kvar handlinga går føre seg. Dei beskriv korleis scenerommet skal sjå ut, kva rollepersonane har på seg, og korleis dei bruker stemma, kroppen og ansiktet sitt.

Det varierer ein god del kor mykje sidetekst eit drama har. Somme drama har nesten ingen tilvisingar. Det gir regissøren stor fridom når stykket skal setjast opp. Andre dramatikarar skriv svært omfattande instruksjonar. Henrik Ibsen brukte til dømes detaljerte scenetilvisingar fordi tinga på scenen ofte er viktige symbol.

Regissøren bestemmer

Regissøren vel korleis historia skal presenterast på scenen. Hen kan velje å følge sidetekstane strengt, eller sjå heilt bort frå dei. Derfor kan to ulike teater framføre det same stykket på heilt ulike måtar. Vi ser det gjerne når eldre dramastykke blir sette opp på nytt, at sjølve handlinga blir plassert inn i ein meir moderne eller tidlaus samanheng.

Nokre viktige omgrep knytte til dramasjangeren

Regi
I det profesjonelle teateret er regissøren den øvste kunstnariske leiaren. Vi seier at hen har regi. Det er regissøren som vel kva for nokre sceniske verkemiddel som skal brukast i produksjonen. I tillegg planlegg og gjennomfører hen øvingar saman med skodespelarar.
Scenografi
Med scenografi meiner vi utforminga av rommet som ei teaterframsyning går føre seg i. Det skal vere mogleg å forandre og bruke scenografien på ulike måtar i løpet av ei framsyning. Scenografen er den som har hovudansvaret for alle dei visuelle verkemidla i ei teateroppsetjing: scenografi, kostymer og lys.
Dekorasjonar er ein del av scenografien. Ein dekorasjon er gjerne måla og kan til dømes vere eit vakkert bakteppe eller vise eit opphaldsrom eller ei matstue. Flyttbare dekorasjonar blir kalla kulissar.
Lys
Lyssetjinga skal understreke stemninga i stykket og spele med i handlinga. Ved å bruke ulike fargefilter på spotlys kan det skapast ulike stemningar. Raudt, gult og oransje blir brukt for å oppnå varmt lys, mens blått, grønt og fiolett gir eit kaldare lys. Effektlys av ulike slag, som dansande spotlys, lasereffektar eller strober – som med lynglimta sine får alt til å gå i sakte film – kan òg gi eit spennande resultat.
Lyd
Lydbruk er òg eit viktig verkemiddel i ei teateroppsetjing. Tidlegare var lyd først og fremst einstydande med stemma til skodespelarane, og då av og til i kombinasjon med levande musikk. I dag er moderne teaterhus utstyrte med lydanlegg, og det mest vanlege er å setje saman naturleg (akustisk) lyd og teknisk lyd til eit heilskapleg uttrykk.
Lydar og musikk har ei sterk evne til å påverke oppfatninga vår av det vi ser på scenen. Måkeskrik og bølgeslag kan til dømes gi assosiasjonar til stader vi har vore, og framkalle minne om ro eller einsemd. Desse kjenslene overfører vi så til det vi ser på scenen.
Rekvisitt
Rekvisitt er gjenstandar som rollefigurane kan bruke i ei framsyning. Rekvisitøren samarbeider tett med scenografen, og rekvisittbruken bør vere nøye gjennomtenkt. Rekvisitt kan stundom ha ei symbolsk betydning, som i dramaet Hedda Gabler av Henrik Ibsen, der to pistolar som hovudpersonen har arva etter far sin, har ein sentral funksjon.
Kostyme
Kostymedesignaren går som regel gjennom alle rollene i stykket saman med regissøren, og utarbeider deretter forslag til kvar enkelt rolle. Det er mange forhold som må avklarast: Kva tidsepoke går handlinga føre seg i? Kor mange kostymeskift har kvar enkelt rolle? Har nokon av rollene særtrekk som bør speglast i kostymet?
Sminke
Sminka bidreg òg til å forme ein rollekarakter. Viss karakteren skal vere gammal, blir rynker forsterka og markerte. Skal karakteren vere ung, får han kanskje litt ekstra raude kinn eller lepper. Sminka bør samsvare med spelestilen i stykket, og ho må òg stå i stil med kostyma.
Karakterar
Skodespelaren har to oppgåver på ein gong. Hen skal skape ein karakter. Det gjer hen ved å uttrykke kjenslene til karakteren, som vi kallar det indre livet til rolla. Samtidig skal hen vise korleis figuren reagerer på det som skjer rundt seg. Dette kallar vi det ytre livet til rolla. For å lage ei god rolletolking må skodespelaren derfor bruke både hovudet, kroppen og kjenslene sine.

Kjelde

Ibsen, H. (1879). Et dukkehjem. Skuespil i tre akter. Henrik Ibsens skrifter. https://www.ibsen.uio.no/DRVIT_Du%7CDuht.html

Skrive av Tone Elisabeth Grundvig, Marthe Johanne Moe og Merete Brustad.
Sist oppdatert 15.04.2026