Gå i djupna på Gjengangere - Helene Alving og pastor Manders - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Gå i djupna på Gjengangere

Oppgåve

Helene Alving og pastor Manders i Gjengangere

Dialogen mellom Helene Alving og pastor Manders driv handlinga framover i Gjengangere av Henrik Ibsen. Her skal de samanlikne dei to og lage ein personkarakteristikk av dei. Til slutt skal de lage profilen til Helene Alving i sosiale medium.

Del 1: Samanlikn pastor Manders og Helene Alving

I par:

Sjå gjennom replikkane til Helene Alving og pastor Manders under. Til kvar replikkveksling høyrer eit refleksjonsspørsmål de finn ved å trykkje på den blå knappen oppe til høgre. Gå gjennom alle replikkane og diskuter spørsmålet saman. De kan komme inn på forholdet karakterane har til

  • ideal

  • plikter

  • løgn og sanning

  • lykke

  • dobbeltmoral

I grupper:

Set dykk saman og lag ein grundig personkarakteristikk av Helene Alving og pastor Manders. Grunngi ved å vise til sitat frå presentasjonen under.

I plenum:

Skriv opp personkarakteristikken av pastor Manders og fru Alving på tavla.

Del 2: Kva representerer fru Alving og pastor Manders?

Typisk for dei realistiske problemdramaa var å lage typar for å skape attkjenningseffekt. Det vil seie at mange av karakterane i dramaet representerte ulike grupper vi finn ute i samfunnet. Målet for realistane var jo å avsløre det som var gale. Dermed måtte nokre av karakterane vere berarar av ulike ideal og representere denne samfunnsgruppa.

  1. Kva/kven representerer fru Alving?

  2. Kva/kven representerer pastor Manders?

Del 3: Bli betre kjend med fru Alving

Sjå filmen under og diskuter om de vil leggje til noko i personkarakteristikken av fru Alving og pastor Manders.

Del 4: Kva viss fru Alving hadde levd i dag?

Fru Alvings fortid handla i stor grad om å halde fasaden mot omverda. Dette er kanskje ikkje så uvanleg i dag heller? No har vi i tillegg sosiale medium, som er det perfekte utstillingsvindauget for den vellykka familien. Korleis hadde fru Alving og kammerherre Alvings ekteskap sett ut på sosiale medium i dag?

  1. Vel eit sosialt medium, eller etterlikn eit sosialt medium med andre verktøy. Lag fru Alvings profil og legg ut nokre innlegg som viser den moderne familien Alving; ein familie som viser perfeksjonen sin mot omverda, men som skjuler stygge sanningar.

  2. La det aller siste innlegget vere laga av fru Alving etter "omvendinga", altså etter at ho har forandra seg og bestemt seg for å fortelje sanninga og la fasaden sprekke.

  3. Vis fram det de har laga for dei andre i klassen og fortel kvifor de gjorde som de gjorde.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022