Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Ei anti-polariseringssjekkliste

Diskuter kronikken "Hei, jeg heter Karen og jeg er polarisert".

Del 1: Før du les

Tenk først for deg sjølv. Diskuter så med ein medelev:

  1. Kva forbind du med omgrepet "polarisering"?

  2. Kva forbind du med omgrepet "ekkokammer"?

Del 2: Les

  1. Les først raskt gjennom kronikken "Hei, jeg heter Karen og jeg er polarisert".

  2. Kva vil forfattaren med denne teksten, trur du? Skriv ned stikkord.

Del 3: Diskuter punkta i sjekklista

I kronikken har forfattaren sett opp ei sjekkliste som skal hindre henne i å bli polarisert. Ho skriv at ho har laga seg ei indre sjekkliste – og går gjennom punkta veldig raskt – før ho les eller snakkar, og etter at ho har lese, høyrt eller sett.

No kan du gå gjennom punkta i sjekklista:

Sjekkpunkta

Sjekkpunkt 1

  • Reagerer eg på det som blir sagt? Kva for kjensler får eg?

  • Kjem reaksjonen før refleksjonen?

  • Reagerer eg på bodskapen eller på avsendaren?

Sjekkpunkt 2

  • Når las eg sist noko eg var ueinig i, eller snakka med nokon eg er ueinig med, utan å avvise det med ein gong?

Sjekkpunkt 3

  • Korleis snakkar eg om andre? Bruker eg omgrep som "dei andre", "dei uopplyste", "dei enkle" eller "dei ekstreme"?

  • Skil eg mellom "oss" og dei"? Kven set eg i så fall utanfor fellesskapen?

Sjekkpunkt 4

  • Tenker eg at dei som ikkje er einige med meg, er dårlegare menneske, at dei er på "feil" side?

  • Ser eg mennesket bak meininga?

Sjekkpunkt 5

  • Er eg faktisk interessert i å forstå, eller berre i å "ha rett"?

Sjekkpunkt 6

  • Toler eg å lytte og vere i stilla?

  • Kva skjer i meg viss eg ikkje svarer med ein gong?

Les om eit tema du er interessert i og har meiningar om. Det kan vere alt frå miljø og naturvern til skattepolitikk eller skulereglement.

  1. Kva er svara dine på dei seks sjekkpunkta?

  2. Del svara med ein medelev.

  3. Kva for punkt var vanskelegast å svare på? Kvifor?

Forslag til tekstar

Debattinnlegg, VG: Likestillingspolitikken er utdatert

Debattinnlegg, Nettavisen: Finnes det egentlig noen gode argumenter for å tillate selvbestemt abort?

Lesarinnlegg, Gudbrandsdølen Dagningen: Kjøttfri mandag i offentlige kantiner!

Del 4: Klassediskusjon

  1. Kva meiner de om denne anti-polariseringssjekklista?

  2. Er det noko de ville ha forandra på? Forklar kva og kvifor.

  3. Kva trur de ville ha skjedd om alle var klar over polarisering og jobba for å unngå det?

Del 5: Bruk sjekklista

  1. Finn eit debattinnlegg, ein diskusjonstråd eller liknande med meiningar du er ueinig i.

  2. Prøv å legge merke til kva du tenker og kjenner når du les innlegga. Skriv tankane og kjenslene dine ned som stikkord.

  3. Påverka sjekklista kva du tenkte og kjende då du las debattinnlegga?

Del 6: Skriv eit svar

Bruk notata dine og det de har diskutert undervegs til å skrive eit svar til kronikkforfattar Karen Landmark.

Du kan ta for deg eitt eller fleire punkt i sjekklista og kommentere dei.

Hugs at du i eit slik tilsvar skal skrive sakleg og formelt. Du må grunngi argumenta dine, både når du er einig og ueinig med henne.

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 05.11.2025