Bruk dei retoriske stilideala i presentasjon og tale - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bruk dei retoriske stilideala i presentasjon og tale

Vil du bli ein betre talar? Vil du bli betre til å presentere og framføre? Då kan du øve på dei fem stilideala til retorikken.

Oppgåve

No skal de øve på framføring i grupper ved hjelp av det som i retorikken blir kalla stilideal.

Del 1: Førebuing – kva er stilideal?

Dei retoriske stilideala handlar om korleis du bruker språket for at innhaldet ditt skal nå fram til publikum på best mogleg måte. Ideala består av fem punkt som beskriv kva ein god retorikar alltid bør prøve å oppnå:

  1. Bruk korrekt språk

  2. Bruk klart språk

  3. Tilpass språket til situasjonen

  4. "Pynt" språket

  5. Ver kortfatta

Oppgåve

  1. Les artikkelen: Dei retoriske stilideala

  2. Etter at de har lese, fordel dei fem punkta mellom dykk på gruppa. Fortel att etter tur kva dei fem stilideala går ut på.

  3. Gå saman om å finne døme på god og dårleg oppnåing av dei ulike stilideala.

Del 2: Å skape tekstane

No skal de lage manus til ei rekkje korte presentasjonar eller talar. Vel minst tre tema eller vinklingar frå lista nedanfor og lag to versjonar til kvart av temaa de valde. Presentasjonane/talane bør vare mellom 30 og 60 sekund.

Viktig: I kvar versjon skal de prøve å oppnå 4 av dei 5 stilideala. Det siste idealet skal de bryte med vilje. Varier kva ideal de bryt:

  • Kva er subjekt og verbal?

  • Kven var Henrik Wergeland?

  • Kva var barokken?

  • Kva kjenneteiknar ein ættesaga?

  • Songtekstar er òg god lyrikk.

  • Kva er forskjellen på ei besjeling og ein personifikasjon?

  • Kvifor bør alle tekstar ha ei innleiing og ei avslutning?

  • Kva kjenneteiknar ei novelle?

  • Kva er språkstyring?

  • Kva er forskjellen på moderat og radikalt bokmål?

  • Derfor er den lokale dialekten vår viktig å ta vare på!

  • Engelsk eller norsk – kva er viktigast?

Del 3: Gjennomføring

No skal de gå saman med ein eller to andre grupper og framføre presentasjonane eller talane de har laga.

Gjennomfør presentasjonane slik:

  1. Gruppa startar presentasjonane sine – éin versjon om gongen.

  2. Dei som lyttar, skal kvar for seg skrive ned kva stilideal dei meiner gruppa brøyt med.

  3. Samanlikn med kva dei andre skreiv.

    • Hadde de rett?

    • Diskuter ulike svar

Del 4: Evaluering

  1. Var det nokon av stilideala de opplevde som viktigare enn andre? Grunngi svaret.

  2. Var det nokon av stilideala de synest var vanskelegare å oppnå enn andre? Grunngi svaret.

  3. Notar tre konkrete ting du lærte, og som du kan ta med deg når du skal halde presentasjonar eller munnlege innlegg.

  4. Samanlikn punkta i klassen. Er det noko som går igjen?


Relatert innhald

Fagstoff
Dei retoriske stilideala

Dei retoriske stilideala beskriv korleis vi bør bruke språket for å lykkast med retorikken.

Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021