Snakk om motiv, tema og bodskap i Skylappjenta
Kortfilmen Skylappjenta
Sjå kortfilmen Skylappjenta (lengde 10:18)
Del 1: Bakgrunn
Her får du vite litt om Iram Haq, filmen Skylappjenta, og kva "skylappar" betyr.
Del 2: Sjå filmen
Sjå filmen Skylappjenta. Set dykk saman i grupper og snakk om dette:
Kva meiner de filmen vil fortelje dykk?
Var det nokon scenar de hugsar spesielt godt? Forklar kvifor.
Likte de filmen? Kvifor / Kvifor ikkje?
Del 3: Sjå filmen ein gong til
No skal de sjå filmen om igjen, minst éin gong. Målet er å forstå filmen betre. Du kan laste ned dokumentet under og skrive inn i dette mens du ser filmen.
- Skylappjenta(DOCX)
Del 4: Les om motiv, tema og bodskap
Les fagartikkelen "Motiv, tema og bodskap".
Del 5: Diskuter motiv, tema og bodskap
Gå saman i par eller grupper. Diskuter kva de meiner er
motivet i Skylappjenta
temaet i Skylappjenta
bodskapen i Skylappjenta
Del tavla i tre. Alle gruppene fortel høgt kva dei meiner er motiv, tema og bodskap. Læraren noterer ned det de seier.
Gå vidare for å øve deg på å skrive eit avsnitt om motivet i Skylappjenta.


