Setningsadverbial i heilsetningar - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Setningsadverbial i heilsetningar

"Ikkje", "aldri" og "alltid" er døme på setningsadverbial. Kvar kan du plassere desse i norske heilsetningar?

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Forteljande heilsetning
Forteljande heilsetning er dei vanlegaste setningane som ikkje er spørsmål eller leddsetningar. Vi bruker desse for å fortelje noko: "Anna et" og "Eg må sove".
Subjekt
Subjekt er setningsleddet som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbalet.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til artikkelen "Kva er eit setningsadverbial?"

Hovudregel

I forteljande heilsetningar står setningsadverbialet (SA) etter verbalet (V):

  • I setninga "Ho et (V) berre (SA) ein bolle" er "et" verbalet og "berre" setningsadverbialet.

  • I setninga "Vi kjem (V) sjølvsagt (SA) i bursdagen din" er "kjem" verbalet og "sjølvsagt" setningsadverbialet.

  • I setninga "Eg dreg (V) ikkje (SA) no" er "dreg" verbalet og "ikkje" setningsadverbialet.

Visuell forklaring

"Visuell" betyr å gjere noko synleg. Ofte kan det hjelpe å bruke fargar/mønster for å hugse plassering av setningsledd. Vi kan derfor forklare plasseringa av setningsledda slik:

Setningsadverbialet først i setninga

Nokre setningsadverbial kan stå først i setninga. Det gjer vi når vi ønsker å legge vekt på innhaldet i setningsadverbialet. I desse døma er det første ordet i kvar setning setningsadverbialet:

  • Dessverre drog ho i dag.

  • Alltid skal du vere sur!

  • Sjølvsagt kjem vi!

Når setningsadverbialet står først, pleier vi å legge trykk på ordet når vi snakkar.

Når setninga har to verb

Når setninga har to verb, eit hjelpeverb og eit hovudverb, skal setningsadverbialet alltid stå etter det første verbet (hjelpeverbet):

  • I setninga "Eg kan (V) sjølvsagt (SA) komme" er "sjølvsagt" setningsadverbial og står etter hjelpeverbet "kan".

  • I setninga "Eg kan (V) ikkje (SA) dra no" er "ikkje" setningsadverbial og står etter hjelpeverbet "kan".

Gå vidare i læringsstien for å gjere nokre øvingar der du skal setje setningsadverbialet på rett plass i heilsetningar.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2023