Øv på setningsadverbialet i leddsetningar - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øv på setningsadverbialet i leddsetningar

I desse oppgåvene skal du øve deg på å plassere setningsadverbialet riktig i leddsetningar.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".

Oppgåve 1. Kva setning er rett?

Trykk på setninga der setningsadverbialet står på rett plass i leddsetninga.

Oppgåve 2. Fullfør leddsetninga

Fullfør setningane ved å setje dei øvste orda i rett rekkefølge.

Oppgåve 3. Lag leddsetningar saman

  1. Sit i par. I tabellen under ser de subjunksjonar til venstre og setningsadverbial til høgre. Lag fem ulike setningar som inneheld ei leddsetning med eit setningsadverbial.

  2. Byt setningar med eit anna par. Diskuter om de har klart å skrive setningane rett. Spør læraren dykkar om de er i tvil.

Subjunksjonar og setningsadverbial

Subjunksjonar

Setningsadverbial

dersom

viss

fordi

at

om

sjølv om

etter at

når

ikkje

aldri

alltid

sjeldan

gjerne

framleis

sjeldan

ofte

sikkert

snart

Oppgåve 4. Samanlikn med førstespråket ditt

Set om desse tre setningane til førstespråket ditt. Lag så ei forklaring der du samanliknar korleis norsk og førstespråket ditt lagar leddsetningar med setningsadverbial.

  • Dersom du ikkje kjem, vil ikkje eg heller gå.

  • Eg veit at han er veldig flink.

  • Vi svømmer når vatnet ikkje er kaldt.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2023