Nivå 4: Lag spørjesetningar med lappemetoden - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Nivå 4: Lag spørjesetningar med lappemetoden

Bruk lappemetoden til å forstå og hugse kvar orda skal stå i spørjesetningar på norsk.

Del 1: Lag spørjesetningar

Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.

  1. Lag fem spørjesetningar der du plasserer setningsledda i rett rekkefølge ved å studere illustrasjonen over.

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest rette ut.

Del 2: Lag spørjesetningar med to verbal

Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.

  1. Lag fire setningar med to verbal i kvar.

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest rette ut.

Del 3: Lag spørjesetningar med verbalet først

Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.

  1. Lag fire spørjesetningar med og .

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest rette ut.

Del 4: Lag ein dialog

Arbeid i par:

  1. Lag ein dialog mellom to personar. Du skal setje dialogen saman av spørsmål og svar. Prøv å bruke både spørsmål med spørjeord og spørsmål med verbalet først. Sjå dømet under for tips.

  2. Framfør dialogen framfor klassen.

Døme:

Person 1: Kvar skal du på ferie i år?
Person 2: Eg skal til Danmark.
Person 1: Kva skal du gjere der?
Person 2: Eg skal besøke nokre venner.
Person 1: Har du mange venner i Danmark?
Person 2: Ja, eg kjenner mange i Danmark.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2024