Mengdetrening på substantivfrasar - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Mengdetrening på substantivfrasar

Mengdetrening betyr å øve mykje på noko. Når du øver mykje, blir du betre. I denne oppgåva vil du finne mange oppgåver om substantivfrasar i bestemt og ubestemt form. Alle substantivfrasane har ein bestemmar og ein beskrivar.

Dette er tredje trinn i ein læringssti om substantivfrasar. Gå til fagartikkelen "Å skrive substantivfrasar" for å lære meir om substantivfrasar i bestemt og ubestemt form.

1. Skriv om til bestemt form

I den første setninga står det ein substantivfrase i ubestemt form. I den andre setninga står substantivfrasen i bestemt form med ein bestemmar framfor, men både beskrivar (adjektiv) og kjerne (substantiv) manglar. Fyll ut i rett form.

Døme:

Eg har ein god venn. I dag skal eg besøke den gode vennen.

2. Skriv om til ubestemt form

I den andre setninga står det ein substantivfrase i bestemt form. I den første setninga står substantivfrasen i ubestemt form med ein bestemmar framfor, men både beskrivar (adjektiv) og kjerne (substantiv) manglar. Fyll ut i rett form.

Døme:

Eg har ein god venn. I dag skal eg besøke den gode vennen.

Oppgåve 3. Lag eigne substantivfrasar

I denne oppgåva er målet at du skal lage eigne substantivfrasar i både bestemt og ubestemt form.

  1. Lag ei kort historie. Historia skal innehalde substantivfrasar med både bestemmar (determinativ), beskrivar (adjektiv) og ein kjerne (substantiv). Desse skal stå i både bestemt og ubestemt form.

  2. Byt historia med ein annan elev i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har fått til å lage riktige substantivfrasar i bestemt og ubestemt form.

Du kan bruke orda under i historia di, eller finne på eigne ord.

Ordforslag

Bestemmar (determinativ)

Beskrivar (adjektiv)

Kjerne (substantiv)

ein

nokon

han

alle

glad

ung

trist

fin

mann

jente

hus

blomstrar

Gå vidare i læringsstien for å lære om substantiv med etterstilte bestemmarar.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2024