Lag substantivfrasar med som-setningar
Oppgåve 1. Lag som-setningar
Gjer dei to setningane om til éi setning. Den andre setninga skal vere ei som-setning som beskriv substantivet (kjernen).
Døme
Eg ser ein mann. Han har gul skjorte.
Du skal skrive:
Eg ser ein mann som har gul skjorte.
Hugs!
Stor bokstav først i setninga.
Punktum til slutt i setninga.
Oppgåve 2. Gjer om til to setningar
I denne oppgåva er målet å vise at du kan sjå kva ordet "som" viser til. I den andre setninga skal du bruke pronomenet ordet "som" viser til.
Døme
Eg kjøpte ei bok som var veldig morosam.
Ho besøkte ein mann som budde i skogen.
Du skal skrive:
Eg kjøpte ei bok. Ho var veldig morosam.
Ho besøkte ein mann. Han budde i skogen.
Hugs!
Stor bokstav i starten av setningane.
Punktum til slutt i setningane.
Oppgåve 3. Beskriv eit bilete
Beskriv biletet under med åtte–ti setningar. Du skal lage flest mogleg som-setningar. Prøv å lage ein samanhengande tekst. Start setningane på ulike måtar slik at ikkje alle setningane startar med "Eg ser". Eit døme på korleis du kan beskrive er:
Eg ser eit fly som heng i taket. Under flyet er det ein spegel som ser ut som ei sol. Til høgre for sola er eit bilete som er svart. På golvet står ei seng som har eit raudt teppe oppå.
Byt teksten din med teksten til ein annan i klassen. Gi kvarandre tilbakemeldingar på om de har klart å lage riktige setningar. Spør læraren om de er i tvil.
