Kvar skal setningsadverbialet stå?
Oppgåve 1. Kva setning er rett?
Gjer gjerne denne oppgåva i par. Les setningane nøye og diskuter kva for ei av dei som er rett. Hugs at setningsadverbialet skal stå etter verbalet på norsk.
Oppgåve 2. Set orda i rett rekkefølge
Jobb gjerne i par. Set orda som høyrer til biletet, i rett rekkefølge. Hugs at setningsadverbialet skal stå etter verbalet.
NB: Subjektet skal stå først i alle setningane.
Oppgåve 3. Setningar med to verb
Fullfør setningane. Du skal skrive inn orda som står i parentes, i rett rekkefølge.
Oppgåve 4. Lag setningar sjølv
Lag fem setningar sjølv. Dei skal vere enkle heilsetningar, og dei skal innehalde eit setningsadverbial.
Gå saman i par og les setningane høgt for kvarandre. Diskuter om de har klart å setje setningsadverbialet på rett plass. Spør ein lærar om de er i tvil.
Gå vidare i læringsstien for å lære kvar du skal setje setningsadverbialet når subjektet ikkje står først i setninga.
Relatert innhald
Lær å lage heilsetningar med setningsadverbial med lappemetoden.
Forstå plassering av setningsadverbialet på norsk ved å samanlikne med morsmålet ditt.