Skriv hovuddelen til fagartikkelen

Del 1: Førebu hovuddelen
No skal du førebu hovuddelen i teksten din. Hovuddelen skal ha to avsnitt:
eit avsnitt som argumenterer for at det er for mykje press på ungdom
eit avsnitt som argumenterer mot at det er for mykje press på ungdom
Kvifor det?
I fagartikkelen din bør du vise at du kan sjå ulike sider av saka. Derfor skal du øve deg på å skrive avsnitt som viser dette.
Gå fram slik
Argumenter for at det er for mykje press på ungdom:
Sjå gjennom alt du har skrive i idémyldringa. Finn det du meiner er det viktigaste argumentet for at det er for mykje press på ungdom. Marker argumentet med ein gul farge.
Marker så andre argument som støttar synet om at det er for mykje press på ungdom. Bruk ein lilla farge.
Argumenter mot at det er for mykje press på ungdom:
Finn argumenta mot at det er for mykje press på ungdom. Marker det viktigaste argumentet med ein gul farge.
Marker så andre argument du meiner støttar synet om at det ikkje er for mykje press på ungdom. Bruk ein lilla farge.
Del 2: Lag avsnitt éin i hovuddelen
Sjå filmen under (lengde 4:27) om kva eit godt avsnitt er, før du skriv.
No skal du lage det første avsnittet i hovuddelen. Det skal handle om at det er for mykje press på ungdom. Sjå gjennom presentasjonen under før du skriv. Den fortel deg korleis du kan skrive avsnittet ditt.
Trinn 1: Lag ei temasetning
Finn fram argumentet for at det er for mykje press på ungdom som du markerte gult frå del 1. Skriv argumentet som ei god temasetning. Hugs at ei god temasetning skal
vise kva avsnittet skal handle om
vere kort og ikkje for detaljert. Detaljane tek du i kommentarsetningane.
Trinn 2: Lag kommentarsetningar
Sjå på argumenta du markerte lilla som handla om at det er for mykje press på ungdom. Vel ut dei du synest passar inn i dette avsnittet. Dei må utdjupe og kommentere det som står i temasetninga di.
Skriv dei inn som kommentarsetningar i avsnittet ditt.
Trinn 3: Svar på problemstillinga
Avslutt avsnittet med å bruke ei setning eller to for å svare på problemstillinga "Er det for mykje press på ungdom i dag?". Du kan bruke desse setningsstartarane:
Dette viser at ...
Dette er gode argument for at ...
Det er altså sånn at ...
Del 3: Bruk ei kjelde i avsnittet ditt
Avsnittet ditt blir betre om du bruker ei kjelde i avsnittet. Slik kan du gå fram for å gjere dette:
Finn ei kjelde sjølv, eller bruk kjelda "Skolepress og stress øker, særleg blant jenter" i Utdanningsnytt, som handlar om at det er for mykje press på ungdom.
Sjå filmen under (lengde 3:04 ) om korleis du skal gå fram for å føre ei kjelde i avsnittet ditt:
Del 4: Lag avsnitt to i hovuddelen
Gå fram på same måten for å lage eit avsnitt som argumenterer mot at det er for mykje press på ungdom. Start avsnittet på ein måte som gjer at du bind det saman med det førre avsnittet du skreiv. Du kan bruke desse setningsstartarane:
Likevel meiner mange at ...
Men nokon vil likevel seie ...
Eit argument mot at det er for mykje press på ungdom, er at ...
Kjelde?
Viss du vil bruke ei kjelde i dette avsnittet, kan du anten finne kjelde sjølv, eller bruke noko frå teksten "Psykiatriprofessor: Vi er i ferd med å snakke oss syke" på NRK.
Del 5: Lag flyt i språket ditt
Sjå filmen under (lengde 4:32) om korleis du kan skrive eit variert språk med flyt.
Les gjennom dei to avsnitta dine – gjerne høgt. Då er det lettare for deg å høyre om du har dårleg språk nokon stader. Ordne opp i språket ditt, slik at du har eit variert språk med setningskoplarar.
Byt tekst med ein medelev. Gi kvarandre tilbakemeldingar på både språk og innhald. Etterpå forandrar du teksten din med tanke på dei tilbakemeldingane du fekk.