Utforsk diktet "Søsteren min er et univers"

Del 1: Førlesing
Jobb saman to og to.
Kva for tankar får de av tittelen "Søsteren min er et univers"?
Del 2: Les diktet høgt for kvarandre
Jobb saman to og to.
Les annakvar strofe av diktet "Søsteren min er et univers" høgt for kvarandre. Pass på at de forstår alle orda. Slå opp i ordboka ordbøkene.no eller LEXIN viss de finn ukjende ord.
Les så heile diktet høgt for kvarandre. Øv på å lese i passe tempo og med innleving.
Del 3: Diskuter diktet
Jobb saman to og to. Samanfatt i fellesskap i klassen til slutt.
Korleis blir søstera i diktet beskriven? Grunngi svaret med døme frå diktet. Bruk fagord som verselinje og strofe når de skal forklare kvar i diktet dømet er henta frå.
Korleis opplever de relasjonen mellom det lyriske eget og søstera? Grunngi svaret med døme frå diktet.
Kva trur de eg-personen meiner med verselinja "Likevel — lærer hun meg å se verden gjennom hennes øyne"? Kvifor er det viktig å kunne sjå verda gjennom andre sine auge? Grunngi svaret.
Kva er motivet i diktet?
Kva meiner de er temaet i diktet?
Kva meiner de er bodskapen i diktet?
Korleis tolkar de dei to siste verselinjene i siste strofe?
men det er kanskje nok
at vi skinner sammen, bare på våre egne måter.
Ole Jørgen Kind skriv om si eiga oppleving av søstera som er autist i diktet.
Les kva autisme er i boksen under.
Forklar så med eigne ord korleis de kjenner igjen noko av det de las som typiske kjenneteikn på autisme i beskrivinga av søstera i diktet.
Forstår de tittelen "Søsteren min er et univers" annleis no når de veit litt meir om kva autisme er? Grunngi svaret.
Autisme er ein diagnose, altså ein tilstand ein lege kan undersøke og seie at nokon har. Autisme kjem av at hjernen har utvikla seg annleis enn det som er vanleg.
Personar med autisme er like forskjellige som andre, men det er likevel somme trekk mange har til felles. Til dømes synest personar med autisme at det er vanskeleg å forstå reglane for korleis ein skal oppføre seg saman med andre. Det beste er når det samme skjer kvar dag, mens endringar og overraskingar kan vere vanskeleg. Å ha spesielle eller få interesser er ganske vanleg.
Det er ulike grader av autisme. Somme klarer seg godt med bare litt ekstra tilpassing, mens andre må ha mykje hjelp for å klare seg i kvardagen. Somme med autisme kan ikkje snakke, andre kan snakke litt, og andre igjen har eit veldig godt utvikla språk.
Det er ikkje lett å sjå på nokon om dei har autisme. Det er fleire gutar enn jenter som får denne diagnosen, og det er noko ein er fødd med. Rundt ein prosent av befolkninga har autisme. (Faleide, 2024)
Korleis kan diktet hjelpe oss til å forstå korleis det er å leve saman med nokon som oppfører seg litt annleis?
Del 4: Skriv ein reflekterande tekst
Jobb individuelt.

Skriv ein reflekterande tekst på 250–400 ord der du reflekterer over kvifor det er viktig å akseptere at vi er ulike som menneske. Vis til døme frå diktet og eigne erfaringar. Lag ei overskrift du synest passar.
Forslag til startsetningar
Vi menneske er ulike på mange måtar. Det er bra fordi ...
Ved å møte på menneske som er annleis enn oss sjølve, kan vi lære at ...
Eit døme frå diktet "Søsteren min er et univers" er i strofe ... Dette dømet viser at ...
Eit anna døme er ...
Diktet fekk meg til å tenke på ...
Eg har sjølv opplevd å ...
Av og til kan det vere vanskeleg ...
Eg meiner at ...
Til slutt er det viktig å hugse på at ...
Relatert innhald
Eit dikt skrive av ein elev ved Lillehammer videregående skole.