Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Preposisjonsorakelet svarer om preposisjonar om tekst

Når du skriv om ulike tekstar, må du bruke preposisjonar: "i boka" og "biletet". I denne oppgåva skal du øve deg på å bruke rette preposisjonar når du skriv om tekst.

Kven er preposisjonsorakelet?

Eit orakel er ein person som kan gi alle svar. Preposisjonsorakelet kan alt om preposisjonar. No får orakelet eit vanskeleg spørsmål om preposisjonar og tekstar.

Sjå kva orakelet svarer ved å bla gjennom presentasjonen under. Då får du vite kva orakelet kan om bruken av preposisjonar når du skriv om tekst.

Del 1: Å skrive om samansette tekstar

Når du skriv om samansette tekstar, skal du skrive om både bilete og . Test deg sjølv: Klarer du å setje rett preposisjon inn i teksten?

NB! Du kan trykke på biletet for å gjere det større.

Fasit og forklaringar

Studer teksten og forklaringane under.

biletet ser vi ein kartong med eplejus. Han står framfor ein fjord. I bakgrunnen ser vi høge fjell med snø toppen. Ved sida av jusen ligg det eple. Dei ligg eit bord.

I overskrifta bruker Lerum humor når dei skriv at jusen er laga av folk som "ikkje e eplekjekke". I setningane under kartongen er det mykje patos. Døme patos er verdiladde ord som "finaste", "friske" og "aller beste".

Forklaringar

  • biletet

    • Vi bruker når noko er oppå ei flate, som eit bilete.

  • Framfor ein fjord

    • Framfor betyr at noko står nærare oss enn det andre.

  • I bakgrunnen

    • Vi bruker alltid i når vi skriv om forgrunn og bakgrunn.

  • toppen

    • viser at snøen ligg øvst, oppå fjellet.

  • Ved sida av kartongen

    • Ved sida av betyr at noko er rett ved, til venstre eller høgre for noko.

  • eit bord

    • Vi bruker når noko er oppå ei flate.

  • I overskrifta

    • I viser at noko er ein del av ein større tekst: i overskrifta, i setningane ...

  • Under kartongen

    • Under bruker vi når noko er skrive under ein ting, som ein kartong.

  • Døme patos

    • Vi bruker alltid i frasen Døme på (noko).

Skriv sjølv

Kan du bruke preposisjonane, over, i og av rett? Fyll inn rett preposisjon i teksten om reklamen for flyreiser:

Del 2: Å skrive om skjønnlitteratur

Test deg sjølv: Klarer du å setje preposisjonen på rett stad?

Forklaring

  • "Novella 'Gutten' er skriven av Margaret Skjelbred."

    • Av bruker vi for å seie kven som har skrive noko.

  • "Ho handlar om ein liten gut ..."

    • Vi bruker alltid om saman med handlar: handlar om.

  • "Temaet i novella er ..."

    • I bruker vi når noko finst inni ein tekst, til dømes tema eller verkemiddel.

  • "Eit viktig verkemiddel i novella er ..."

    • Som over.

  • "Vi ser alt som skjer gjennom auga til guten."

    • Gjennom betyr at forfattaren har lagt synsvinkelen til guten.

  • "Synsvinkelen ligg altså hos guten."

    • Hos viser kven som har noko, eller kvar noko høyrer til. Her: Synsvinkelen ligg hos guten.

Skriv sjølv

Kan du bruke preposisjonane av, mellom, i og om rett? Fyll inn rett preposisjon i teksten under:

Del 3: Skriv om ein tekst

  1. Skriv om ein tekst, ein film eller ein serie du kjenner til. Skriv cirka 100 ord og bruk tipsa du har fått om korleis du skal bruke preposisjonar over. Følg denne "oppskrifta":

    • Presenter forfattar/regissør.

    • Fortel om kva som er handling og tema i filmen.

    • Fortel om eitt eller to viktige verkemiddel.

  2. Marker alle preposisjonane i teksten din.

  3. Sjekk over: Har du brukt rett preposisjon?

  4. Byt teksten din med teksten til ein medelev. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har brukt rett preposisjon. Spør læraren viss de er i tvil.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 23.04.2025