Øv på personifikasjon
Oppgåve 1. Beskriv ei kjensle ved bruk av personifikasjon
Vel deg ei kjensle og beskriv ho ved å bruke ein personifikasjon. Beskriv korleis kjensla kjennest ut til dømes i magen eller i hovudet. Kanskje kjensla har ein spesiell farge eller smak?
Døme:
Sjalusien greip tak i magen og fekk tankane til å svartne.
Sorga reiv ut hjartet og kasta det i søppelet.
Irritasjonen kraup etter henne heile vegen heim frå skulen.
Forslag til kjensler
sorg, sinne, glede, lykke, sjalusi, kjærleik, frykt, redsel, raseri, sakn, smerte, anger, tap...
Oppgåve 2. Personifikasjon i aviser
Setningane under er frå to ulike avisartiklar der det er brukt personifikasjon:
Verda måper.
Sola kikkar fram over Noreg. Mens sorga framleis er tung, vil solstrålar varme opp delar av landet i dagane framover.
Finn og forklar personifikasjonane i setningane. Bruk ordboka Lexin viss du lurer på betydninga av enkelte ord.
I sitatet over står det "mens sorga framleis er tung". Kva kan dette bety?
I boksen under finn du forslag til fasit. Sjå på forslaga og samanlikn med dine eigne svar.
Oppgåve 3. Personifikasjon i bilete
Ta utgangspunkt i biletet ovanfor og lag setningar som inneheld ein personifikasjon. Kor mange klarer du?
Døme: Trea held pusten.
Oppgåve 4. Personifikasjon i måleri

Ta utgangspunkt i måleriet ovanfor og lag setningar som inneheld ein personifikasjon. Kor mange klarer du?
Døme: Stolen lyttar til den såre gråten.
Relatert innhald
Lær om det språklege verkemiddelet "personifikasjon".