Øv på leddsetningar om årsak nivå 2
Oppgåve 1. Leddsetningar med to verb
Sit i par. Under biletet ser de ei leddsetning med eit verb. Gjer leddsetninga om slik at ho får to verb.
Oppgåve 2. Lag leddsetningar med to verb
Set orda i rett rekkefølge inn i leddsetninga.
Oppgåve 3. Finn setningsadverbialet
Eit setningsadverbial dempar eller forsterkar innhaldet i setninga. I leddsetningane under finn du eit setningsadverbial i kvar setning. Trykk på setningsadverbialet. Hugs at setningsadverbialet skal stå etter subjektet i leddsetningar.
Oppgåve 4. Set inn setningsadverbial i setningane
Sit i par. Set inn setningsadverbialet over på rett stad i leddsetninga. Snu kortet for å sjekke om de har gjort det rett.
Oppgåve 5. Skriv orda i rett rekkefølge
Set orda inn i rett rekkefølge i leddsetninga.
Oppgåve 6. Skriv i par
Sit i par. Skriv kvar dykkar setning som
har ei leddsetning med subjunksjonen fordi, sidan eller ettersom.
har eit setningsadverbial (til dømes ikkje, aldri, alltid, faktisk, ofte)
Byt setningar og gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å lage rette setningar. Hald fram slik til de har skrive fem setningar kvar. Be læraren sjå over viss de er i tvil om nokon av setningane er rette.