Øv på leddsetningar om årsak nivå 1
Oppgåve 1. Samanlikn med førstespråket ditt
Finn leddsetningane i desse tre setningane:
Eg kjem ikkje fordi eg har eksamen i morgon.
Sidan vi tok bilen til skulen, måtte han gå til jobb.
Ettersom han er sjuk i dag, blir vi heime.
Set om setningane – både heilsetningane og leddsetningane – til førstespråket ditt:
Prøv å svare på desse spørsmåla ved å samanlikne førstespråket ditt og norsk:
Har førstespråket ditt leddsetningar om årsak, slikt norsk har?
Bruker førstespråket ditt subjunksjonar som "sidan", "ettersom" og "fordi"?
Viss førstespråket ditt har leddsetningar – i kva rekkefølge i setninga kjem subjunksjonen, subjektet, verbalet, objektet og adverbialet?
Oppgåve 2. Bruk leddsetningar munnleg
Sit i grupper. Fullfør setningane under munnleg:
Det beste eg veit er... sidan ...
Det faget eg liker best på skulen er... fordi ...
Eg liker ikkje... fordi ...
Eg synest norsk er... ettersom ...
Det er viktig å... sidan ...
Oppgåve 4. Skriv inn subjunksjon, subjekt og verbal
I setningane under står subjunksjon, subjekt og verbal over setninga. Skriv dei inn i rett rekkefølge i setninga under.
Oppgåve 5. Skriv inn orda i rett rekkefølge
I setningane under står subjekt, verbal, objekt/predikat og adverbial over setninga. Skriv dei inn i rett rekkefølge i setninga under:
Oppgåve 6. Skriv sjølv
No skal du prøve å lage eigne setningar. Under ser du starten på fem heilsetningar. Fyll ut med ei leddsetning om årsak. Start med subjunksjonen "fordi", "sidan" eller "ettersom". Prøv å lage setningar som har
subjekt
verbal
objekt/predikat
adverbial (eit setningsledd som seier noko om tid eller stad)
Døme:
Det står:
Den gamle mannen går sakte ...
Du skriv:
Den gamle mannen går sakte fordi han har svake bein i dag.
Setningar:
Eg kan ikkje komme på festen ...
Vi blir heime ...
Alle barna gler seg til helga ...
Jentene drikk mykje vatn ...
Vennene mine speler mykje dataspel ...
Når du er ferdig, kan du byte med ein annan elev i klassen og samanlikne. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å setje orda i rett rekkefølge.