Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Leddsetningar om årsak nivå 1

Korleis skal du bruke subjunksjonane fordi, ettersom og sidan på norsk? Lær meir om korleis du lagar enkle setningar med desse tre orda som alle fortel noko om årsak.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:

Leddsetning
Ei leddsetning er ei setning som ikkje kan stå åleine, til dømes fordi vi er sjuke. Vi kjenner igjen leddsetningar ved at dei startar med ein subjunksjon: at, når, fordi, då ...
Subjunksjon
Subjunksjonar er småord som innleier leddsetningar. Døme på subjunksjonar er: fordi, at, om, som, då, når, dersom, viss, før, endå.
Subjekt
Eit subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Muhammed drikk vatn er "Muhammed" subjekt.
Verbal
Verbalet er setningsleddet som fortel kva som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga Muhammed drikk vatn er "drikk" verbalet.
Objekt
Eit objekt i ei setning er den eller det handlinga er retta mot. I setninga Muhammed drikk vatn er "vatn" objektet.
Predikativ
Predikativ er eit ord som beskriv kven eller kva subjektet/objektet er eller blir i ei setning. Det kjem alltid etter verb som er, blir, heiter, eller ser ut som. I setninga Han er sjuk er "sjuk" predikativ.
Adverbial
Eit adverbial seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stua), eller korleis noko skjer (Ho spring fort).

Å fortelje om årsak

Ofte treng du å forklare kvifor noko skjer. Sjå til dømes på desse setningane. Kva del av setningane er det som gir informasjon om kvifor, altså årsak?

  • Eg kjem ikkje fordi eg er sjuk.

  • Sidan du er først, får du velje kvar du vil sitje.

Leddsetningar

I den første setninga er det delen fordi eg er sjuk som handlar om årsak. I den andre setninga er det delen Sidan du er først. Desse kallar vi setningar sidan dei ikkje kan stå åleine, men må stå saman med heilsetningane (Eg kjem ikkje og Du får velje).

Underordna leddsetningar

Begge leddsetningane gir ekstra informasjon. Hovudsetningane Eg kjem ikkje og Du får velje kan stå åleine, mens leddsetningane fordi eg er sjuk og Sidan du er først ikkje kan stå åleine – dei er der for å gi meir – som kvifor du ikkje kjem, eller kvifor nokon får velje plass.

Derfor kallar vi desse setningane for underordna. Dei treng nemleg ei heilsetning for å gi meining.

Underordna leddsetningar om årsak

Det finst mange typar underordna leddsetningar, men her skal du lære om leddsetningar du bruker for å fortelje om årsak. Vi bruker ofte fordi, sidan og ettersom for å fortelje om årsak.

Fordi og sidan er dei to vanlegaste subjunksjonane, så viss du lærer deg å bruke desse to, har du komme langt.

Her ser du døme på korleis vi bruker dei tre subjunksjonane fordi, sidan og ettersom:

  • Fordi han tapte kampen, blei han sjuk.

  • Eg åt for mykje kake sidan eg var så svolten.

  • Ettersom det blir regn, blir vi inne i dag.

Dei tre subjunksjonane betyr stort sett det same. Det betyr at der du bruker fordi, kan du òg bruke sidan og ettersom.

Komma eller ikkje?

La du merke til at det er komma etter leddsetninga i den første og siste setninga?

  • Fordi han tapte kampen, blei han sjuk.

  • Ettersom det blir regn, blir vi inne i dag.

Regelen er: Når leddsetninga kjem først, skal det vere komma etter ho. Når ho kjem sist, skal du ikkje bruke komma:

  • Eg åt for mykje kake sidan eg var så svolten.

Rekkefølge på ord i leddsetninga

Ein viktig del av det å lage underordna leddsetningar er å setje orda i rett rekkefølge. No skal du lære korleis du skal skrive leddsetningar med fleire . Vi begynner enkelt, så lagar vi lengre setningar etter kvart:

1. Subjekt – verbal – objekt

I leddsetningar med setningsledda , og skal rekkefølga vere slik:

  • Eg er glad fordi du laga kake. (Leddsetninga er fordi du laga kake. "Du" er subjekt, "laga" er verbal, og "kake" er objekt i setninga.)

Kva med predikativ?

I desse leddsetningane er det ikkje eit objekt, men eit predikativ:

  • Eg kjem ikkje fordi eg er sjuk. (Leddsetninga er fordi eg er sjuk.)

  • Han er på fest sidan han blir 30 år i dag. (Leddsetninga er sidan han blir 30 år i dag.)

I setningar med verba er, blir og heiter seier vi at setningsleddet som står saman med verbalet, er eit predikativ fordi det gir meir informasjon om subjektet. Setningsledda sjuk og 30 år er altså predikat, ikkje objekt.

Predikativet skal du plassere på same staden som objektet i ei leddsetning.

2. Subjekt – verbal – objekt – adverbial

I leddsetningar med setningsledda subjekt, verbal, objekt og skal rekkefølga vere slik:

  • Eg er glad fordi du laga kake i dag. (Leddsetninga er fordi du laga kake i dag. "Du” er subjekt, “laga” er verbal, “kake” er objekt, og “i dag” er adverbial.)

  • Han syklar sidan eg tok bilen til jobb. (Leddsetninga er sidan eg tok bilen til jobb. "Eg" er subjekt, "tok" er verbal, "bilen" er objekt, og "til jobb" er adverbial.)


No kan du gå vidare og øve på enkle leddsetningar om årsak ved å gjere oppgåva "Øv på leddsetningar om årsak nivå 1".

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 15.10.2024