Kan du setningsanalyse?
Oppgåve 1. Finn riktig setningsledd
Trekk setningsledda til riktig boks. Nokre oppgåver kan ha ein boks du ikkje skal bruke. Nokre gonger skal det vere to ledd i same boks.
DO betyr direkte objekt.
IO betyr indirekte objekt.
Oppgåve 2. Plasser setningsledda riktig
I denne oppgåva skal du øve på å setje setningsledda i riktig rekkefølge. Du skal særleg øve på desse to reglane:
V2-regelen
På norsk skal verbalet alltid stå på andreplass (V2-regelen):
I setninga "Eg skal til byen i dag" er "skal" verbal og står på andreplass.
I setninga "I dag skal eg til byen" er også "skal" verbal og står på andreplass.
Indirekte objekt og adverbial
På norsk kan den som får noko i ei setning, både refererast til som indirekte objekt og adverbial. Men plasseringa av ledda er ulik. Det indirekte objektet skal etter verbalet, mens adverbialet skal til sist i setninga.
I setninga "Eg gir mamma brevet" er "mamma" indirekte objekt.
I setninga "Eg gir brevet til mamma" er "til mamma" adverbial.
Oppgåve 3. Subjektstvang
Trykk på setninga som er riktig. Ho må ha både subjekt og verbal:
Relatert innhald
Lær å lage gode setningar på norsk med lappemetoden.
Lær å lage leddsetningar med lappemetoden.