Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Jobb med samanlikningar

Oppgåve 1. Forklar samanlikningane

Sit saman to og to. Forklar samanlikningane under. Er det ord de ikkje veit kva betyr, så kan de bruke Lexin for å finne ei forklaring. Viss de ikkje forstår nokon av dei samansette orda, så søk på begge orda, til dømes osp+lauv.

  1. Ho gjekk som ei dronning.

  2. Kleda stinka som ein søppeldunk.

  3. Ivan var stolt som ein hane då han viste førarkortet.

  4. Føtene var som gelé.

  5. Han skalv som eit ospelauv.

  6. Katarzyna er sta som eit esel.

  7. Peter såg ut som ei rockestjerne.

  8. Fotografane likna ein flokk gribbar som slost om byttet.

  9. Aida er som ei rose.

  10. Det kjendest som om eg hadde murstein i skoa mine.

Oppgåve 2. Finn samanlikningar frå ulike land

  1. Lag ei oversikt over fem samanlikningar du kjenner til på førstespråket ditt. Vel gjerne samanlikningar som kanskje ikkje er så vanlege på norsk.

  2. Vel ei av samanlikningane frå oppgåve A. og skriv han på tavla på førstespråket ditt og på norsk. Spør om hjelp viss du er usikker på omsetjinga.

  3. Ta ei felles gjennomgang av samanlikningane de skreiv på tavla i oppgåve B. og forklar dei. Kva likskapar og ulikskapar ser de?

  4. Lag ein veggplakat i klasserommet med nokre av samanlikningane de fann i oppgåve A, eller lag ei digital oversikt som alle i klassen har tilgang til. Illustrer gjerne samanlikningane, slik at det kjem fram kva dei betyr.

Oppgåve 3. Lag eigne samanlikningar

Lag eigne samanlikningar inspirerte av bileta under. Varier med å bruke samanlikningsorda lik, som, liksom eller likne. Trykk på pila til høgre på biletet for å byte til neste bilete.

Relatert innhald

Samanlikning

Lær om samanlikning, og korleis vi kan lage samanlikningar.

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 19.01.2026