Fagstoff
Subjekt, verbal og objekt
Kvar skal setningsledda stå når setninga har subjekt, verbal og objekt?

I setninga "Jenta liker guten" er det berre plasseringa av orda som fortel kven som liker kven. På norsk står subjektet før objektet.
Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:
- Setningsledd
- Eit setningsledd er ein del av (eit ledd i) ei setning. Det kan vere eit eller fleire ord. Setninga "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "Guten", "åt" og "eit kokt egg".
- Subjekt
- Subjekt er som oftast det setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: I setninga "Nina kjøpte jakka i går" er "Nina" subjekt.
- Verbal
- Verbal er det setningsleddet som viser handling: I setninga "Nina kjøpte jakka i går" er "kjøpte" verbal.
- Objekt
- Objekt er det setningsleddet handlinga er retta mot: I setninga "Nina kjøpte jakka i går" er "jakka" objekt.
Norsk – eit SVO-språk
Norsk er eit SVO-språk. Det betyr at i forteljande heilsetningar skal rekkefølgene på setningsledda vere slik:
SUBJEKT | VERBAL | OBJEKT |
|---|---|---|
Dei | kjøper | pizza |
Bror min | speler | sjakk |
| Den søte hunden | liker | hundemat |
Dette gjeld altså berre setningar med dei tre ledda subjekt, verbal og objekt. Andre språk kan ha ei anna rekkefølge på setningsledda. Til dømes er SOV ei vanlegare rekkefølge i verdas språk enn SVO.
Gå vidare i læringsstien for å lage setningar med subjekt, verbal og objekt.