Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Å beskrive presist med preposisjonar

I denne oppgåva skal du øve deg på å bruke rette preposisjonar ved å lese, snakke og skrive.

Til læraren

Preposisjonar er vanskeleg for elevane sidan det er få faste reglar for når dei skal brukast. Derfor bør elevane lære preposisjonar i kontekst, altså ved å lytte og lese. Deretter er det fint om dei får snakke og repetere det dei har tileigna seg. I denne oppgåva skal dei øve på preposisjonar om årstider, månader og stader ved å først lese, så snakke og til slutt skrive ein tekst med presist språk.

Del 1: Finn preposisjonane

Oppgåva som rein tekst

Vår er årstida mellom vinter og sommar. På våren stig temperaturen og blir mellom null og ti grader kvar dag fleire dagar på rad.

Nokre av dei første teikna på vår er knoppar og spirer ute i naturen. Somme plantar blomstrar tidleg på våren, før snøen har smelta heilt.

Det er litt ulikt når våren begynner og sluttar i Noreg: Langs kysten kjem våren ofte tidleg, i mars eller april. Det blir raskare varmt der. På fjellet og i Nord-Noreg begynner våren seinare, kanskje i mai eller juni. Der tek det lengre tid før snøen smeltar, og det blir varmt.

Kilde

Hammerstrøm, M. & Zickfeldt, E. (2025, 29. april). Vår. I Vesle norske leksikon. https://lille.snl.no/v%C3%A5r

Del 2: Skriv rett preposisjon

Fyll inn rett preposisjon. Sjå på teksten frå oppgåve 1 viss de treng hjelp.

NB! Hugs stor bokstav etter punktum.

Kilde

Hammerstrøm, M. & Zickfeldt, E. (2025, 29. april). Haust. I Vesle norske leksikon. https://lille.snl.no/h%C3%B8st

Del 3: Bruk preposisjonane

Sit i par. No skal de øve på å bruke preposisjonane når de snakkar. Les setninga øvst høgt. Lag så eigne setningar med preposisjonen ved å svare på oppgåva under setninga.

Mellom

Setning: Vår er årstida mellom sommar og vinter.

  • Oppgåve: Lag ei setning som forklarer kva årstid vinteren er ved å bruke preposisjonen mellom.

På og langs

Setning: På våren stig temperaturen.

  • Oppgåve: Lag ei setning som forklarer kva som skjer med temperaturen om vinteren. Bruk preposisjonen . (Tips: Bruk verbet "å søkke".)

Setning: Nokre av dei første teikna vår er knoppar og spirer ute.

  • Oppgåve: Forklar kva som skjer i naturen på hausten. Bruk preposisjonen på.

Setning: På fjellet begynner våren seinare enn langs kysten.

  • Oppgåve: Lag ei setning som fortel at hausten kjem til fjellet tidlegare enn til kysten. Bruk preposisjonane og langs.

Setning: På våren og det i naturen.

  • Oppgåve: Lag ei setning som forklarer kva som skjer med blad og blomstrar på hausten. Bruk preposisjonen .

Setning: Våren begynner i mars eller april.

  • Oppgåve: Lag ei setning som fortel når hausten startar. Bruk preposisjonen i.

Del 4: Skriv ein tekst om vinteren

Skriv ein tekst om vinteren. Du skal kopiere setningar og frå teksten i oppgåve 1, men alle setningane skal beskrive vinteren. Det viktigaste her er å øve på å bruke rette preposisjonar når du lagar setningane.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 06.05.2025