
Dra setningsleddet som er indirekte objekt ned til boksen der det står "Indirekte objekt".
Skriv desse setningane om slik at dei får eit indirekte objekt i staden for eit preposisjonsuttrykk:
I dag gir vi gåver til foreldra våre.
Eg sender hjelp til deg med ein gong.
Du må skaffe hjelp til han.

Skriv desse setningane om slik at dei får eit preposisjonsuttrykk i staden for eit indirekte objekt:
Han gir dei to jentene eit smil. Her er "dei to jentene" indirekte objekt.
Sjefen sende dei tilsette ei gåve. Her er "dei tilsette" indirekte objekt.
Kan du skaffe meg ein ny blyant? Her er "meg" indirekte objekt.
Omset dei seks setningane i del A og del B til førstespråket ditt.
Samanlikn korleis norsk og førstespråket ditt viser kven som er mottakar i ei setning. Nokre tips:
Marker mottakaren i setningane på førstespråket ditt med tjukk skrift, understreking eller liknande.
Står mottakaren i setninga etter verbalet slik det gjer på norsk? Døme: "Eg gir han eit brev", der "han" er indirekte objekt.
Kan mottakaren òg stå saman med ein preposisjon i eit preposisjonsuttrykk? Døme: "Eg gir eit brev til han", der "til han" er preposisjonsuttrykk.
Gå saman i par eller grupper. Forklar kvarandre korleis førstespråka dykkar viser kven som er mottakaren i ei setning.
Gå vidare i læringsstien for å lære meir om det siste setningsleddet du bør kjenne til: Adverbial.
Lær å lage heilsetningar med setningsadverbial med lappemetoden.