Skriv portrettintervjuet
Dette er ein del av ein læringssti. Gå til artikkelen "Kven er dei andre, eigentleg?" for å komme til det første trinnet.
Ha dei to portrettintervjua frå artikkelen "To døme på portrettintervju" framfor deg. Legg merke til at dei er bygde opp slik:
Presentasjon | Fortel om alder, bustad, skule og heimland |
---|---|
Tema 1 |
|
Tema 2 |
|
Tema 3 |
|
Skriv presentasjonen. Sjå på intervjua av Selin og Marko viss du treng hjelp til å lage gode setningar.
Bestem deg for kva slags tema du vil dele portrettintervjuet inn i.
Skriv om det første temaet. Prøv å veksle mellom sitat frå den du har intervjua og dine eigne ord. Legg merke til korleis det blir gjort i intervjua av Selin og Marko:
Korleis skrive portrettintervju? Tekst
Forklaring
Ho går ofte på kafé med vennene sine etter skulen. "Kaféane her er
koselege", seier ho med eit smil.Dine ord: Ho går ofte på kafé med vennene sine etter skulen.
Sitat: "Kaféane her er koselege",
Dine ord med beskriving av O: seier ho med eit smil.
Gå vidare og skriv om tema 2 og tema 3 på same måten. Lag underoverskrifter til alle dei tre temaa.
Les gjennom intervjuet ditt. Det er fint om du kan lese det høgt for deg sjølv. Då er det lettare å merke viss nokon av setningane høyrest rare ut. Rett opp feil du finn.
Lag ei overskrift som seier noko om korleis intervjuobjektet ditt er. Sjå på overskriftene i intervjua av Marko og Selin viss du treng tips.
Set inn eit fint bilete av den du har intervjua – anten eit du har teke sjølv, eller eit anna du har fått av intervjuobjektet. Det er fint om biletet seier noko om eigenskapane til personen. Viss du ser på portrettintervjuet av Selin, viser det ei smilande jente. Portrettintervjuet av Marko viser at han høyrer på musikk. Desse bileta viser altså kva som er typisk for dei to.
Byt portrettintervju med den du har intervjua. Gi kvarandre tilbakemelding på språket.
Det er òg viktig at de godkjenner intervjuet. Hugs at dei andre i klassen skal lese intervjuet, så sei frå viss det står noko som du eigentleg vil at skal vere privat, eller viss de ikkje er nøgde med biletet i intervjuet. Fiks opp etter tilbakemeldinga frå intervjuobjektet ditt.
No skal de publisere intervjua. Det betyr at alle i klassen skal kunne lese dei. Bli einige om korleis de vil gjere det. Nokre forslag er:
Skriv ut intervjua og heng dei opp i klasserommet.
Legg intervjua ut der klassen har fagstoffet sitt digitalt.
Lag eit hefte med intervjua, som de lar ligge i klasserommet.