Skriv eit avsnitt om eit verkemiddel i Skylappjenta

Del 1: Vel verkemiddel
Viss du har gjort trinn 4 i denne læringsstien, har de snakka om desse verkemidla i kortfilmen Skylappjenta i klassen:
symbol (sommarfuglen og hjartet)
lys, mørke og andre fargar
musikk
anna?
Når du skal skrive om verkemiddel, er det viktig at du skriv om eit verkemiddel om gongen. For hugs: Eit avsnitt skal berre handle om éin ting.
Derfor: Vel deg eit av verkemidla i filmen du vil skrive om.
Del 2: Skriv avsnittet om verkemiddel
A. Lag ei temasetning
Temasetninga er den første setninga i avsnittet. Oppgåva til temasetninga er å vise kva avsnittet skal handle om.
Sjå til dømes på modellteksten under. Dette er ei temasetning til eit avsnitt om verkemiddelet sirkelkomposisjon i romanen Og – En argentinsk au pairs ordbok.
Temasetninga er god sidan ho er kort og inneheld orda "sirkelkomposisjon" og "verkemiddel".
Altså:
Skriv ei temasetning til avsnittet om verkemiddelet i Skylappjenta. Bruk namnet på verkemiddelet du skal skrive om og ordet verkemiddel.
Les setninga høgt for ein annan i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding på om temasetninga er forståeleg, og gjer det klart kva du skal skrive om.
Eksempeltekst:
B. Forklar kvifor det er eit verkemiddel
No har du komme med ein påstand. Du har skrive at noko er eit verkemiddel i filmen. Neste trinn er å bevise at påstanden din er sann. Du må altså fortelje korleis verkemiddelet er til stades i filmen.
Altså:
Skriv om kvar verkemiddelet blir brukt i filmen.
Byt tekst med ein annan i klassen. Les kvarandre sin tekst og gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å bevise påstanden om verkemiddelet.
Eksempeltekst:
C. Kva for ein funksjon har verkemiddelet?
Kvifor har regissøren Iram Haq valt å bruke dette verkemiddelet? Korleis får det fram temaet?
Dette skal du skrive om mot slutten av avsnittet. Då skriv du om verkemiddelets funksjon i teksten.
Altså:
Skriv om funksjonen til verkemiddelet.
Eksempeltekst:
Del 4: Gi kvarandre tilbakemelding
Sit i par og les avsnitta dykkar høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på språk og innhald. Snakk om dette:
Har de klart å lage flyt mellom setningane?
Har de ei god temasetning?
Klarer de å vise korleis verkemiddelet blir brukt i filmen?
Skriv de tydeleg om kva funksjon verkemiddelet har?
Spør læraren viss de er i tvil om noko.