Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Nivå 1: Skriv om motivet i Og

Korleis skriv du eit godt avsnitt om motiv? I denne ressursen skal du lære å skrive avsnitt ved hjelp av modelltekstar og setningsstartarar.

Del 1: Kva er "motiv"?

Motivet i ein tekst er det teksten handlar om, det konkrete. Når du skriv om motivet, skal du ikkje tolke teksten eller fortelje kva som er . I staden skal du fortelje kort om kva som skjer, kven som er med i teksten og kvar handlinga går føre seg.

Modelltekst

Ein modelltekst er ein tekst som skal vise deg korleis du sjølv kan skrive. I presentasjonen under har vi laga ein modelltekst som viser deg korleis du kan skrive eit avsnitt om motivet i ein tekst. Vi har brukt novella "Blodspor" av Bakir Ahmethodzic i dømet.

Del 2: Skriv sjølv om motiv

Skriv eit avsnitt om motivet i romanen Og. Ha modellteksten over framfor deg for tips om korleis du skal lage avsnittet. I tillegg kan du bruke tipsa og under når du skriv avsnittet.

Tips

Du kan dele utdraga du har lese i fire delar:

  1. Hovudpersonen snakkar med Monika.

  2. Hovudpersonen er på norskkurs.

  3. Hovudpersonen tenker tilbake på barndommen i i Argentina.

  4. Boka sluttar med at hovudpersonen verkar fornøgd og seier at ho liker ordet "og".

Setningsstartarar

  • Motivet i romanen Og er ...

  • Hovudpersonen er frå Argentina, men ...

  • I Noreg jobbar ...

  • Dei første utdraga handlar om ... (utdraga om hovudpersonen og Monika)

  • Monika og hovudpersonen ...

  • I dei neste utdraga er hovudpersonen ... (utdraga om språkskulen)

  • Det er òg eit utdrag som handlar om ... (frå Argentina)

  • Boka sluttar med at ...

Gå vidare for å øve deg på å skrive eit avsnitt om temaet i Og.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 31.05.2024