Setningar med adverbial - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Setningar med adverbial

Kva er eit adverbial, og kvar i setninga skal adverbialet stå?

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Setningsledd
Eit setningsledd er ein del av (eit ledd i) ei setning. Det kan vere eit eller fleire ord. Setninga Guten åt eit kokt egg har tre setningsledd: "Gutten", "åt" og "eit kokt egg".
Preposisjon
Ein preposisjon er ein ordklasse med små ord du ikkje kan bøye. Ofte seier dei noko om kvar noko er: I uttrykket under bordet er "under" preposisjon. I uttrykket ved sida av hunden er "ved sida av" preposisjon, og i uttrykket oppå bordet er "oppå" preposisjon.
Preposisjonsuttrykk
Eit preposisjonsuttrykk er eit setningsledd som startar med ein preposisjon: "på bordet", "under bordet", "i kassa".

Dette er ein del av ein læringssti om heilsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er ei heilsetning?"

Kva er eit adverbial?

Adverbial er som seier noko om

  • når noko skjer: I setninga Eg besøkte Oslo i går er "i går" adverbial.

  • kvar noko skjer: I setninga Han søv i senga si er "senga si" adverbial.

  • korleis noko skjer: I setninga Dei snakkar høgt er "høgt" adverbial.

Preposisjonsuttrykk

Mange adverbial er . Eit preposisjonsuttrykk er eit setningsledd som startar med ein . Vi kan beskrive biletet under med tre setningar med preposisjonsuttrykka: i skåla, ved sida av mangoen og på bordet.

  • Bringebæra ligg i skåla.

  • Eplejusen står ved sida av mangoen.

  • Servietten ligg på bordet.

Kvar skal adverbialet stå?

Norsk har faste reglar for kvar setningsledd skal stå i ei setning. Viss du ser på setningane over, ser det ut som adverbialet må stå sist i setninga. Men faktisk er adverbialet eit av setningsledda som det er lov å flytte rundt i setninga. Det kan til dømes stå først:

  • I går sov eg.

  • I skåla ligg bringebæra.

  • Ved sida av mangoen står eplejusen.

  • På bordet ligg serviettane.

Når vi flyttar setningsleddet fram slik, leddet som er først.

Tidsadverbial først eller sist?

Tidsadverbial står vanlegvis anten heilt først eller heilt sist i setninga. Sjå på setningane under. Stadsadverbialet "til Trondheim" står nærast verbalet når tidsadverbialet "i går" står sist:

  • I går reiste eg til Trondheim.

  • Eg reiste til Trondheim i går.

Hugs V2-regelen!

Ein viktig regel på norsk er V2-regelen. Han seier at verbalet skal på andreplass. Derfor må subjekt og verbal byte plass når du set adverbialet først i ei setning.

Sjå på verbal og subjekt i dei to setningane under, der "reiste" er verbal og "eg" er subjekt i begge setningane:

  • I går reiste eg til Trondheim.

  • Eg reiste til Trondheim i går.

Du kan òg legge vekt på eit tidsadverbial. Då kan du setje det framfor stadsadverbialet. I den følgande setninga vil vi legge vekt på "kvar dag", som er eit tidsadverbial. Det står då framfor "på banen", som er eit stadsadverbial:

  • Han speler fotball kvar dag på banen.

Adverbial er rett og slett setningsledd som kan flytte litt rundt. Men set du tidsadverbialet til slutt, blir det stort sett alltid rett.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å lage setningar med adverbial.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2023