Øv på V2-regelen - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øv på V2-regelen

V2-regelen er spesiell for norsk og handlar om kvar verbet skal stå i setninga. Derfor vil nesten alle som skal lære seg norsk, trenge å øve på denne regelen. I denne ressursen skal du øve deg på V2-regelen i enkle setningar.

Før du gjer desse oppgåvene, kan du lese artikkelen "Forstå V2-regelen".

Del 1: Setningar med eit verb

Oppgåve A

Dra orda øvst ned til rett boks. Målet er å setje orda i rett rekkefølge, slik at det blir ei god setning.

Du skal starte alle setningane med – altså som seier noko om når eller kvar noko skjer.

Nokre av boksane inneheld tips som skal hjelpe deg med å plassere hjelpeverbet og hovudverbet på rett plass. Tipsa er dei små blå i-knappane.

Oppgåve B

I setningane under er orda i feil rekkefølge. Skriv dei inn i rett rekkefølge i boksen til høgre. Det første ordet i setninga står der allereie. Fyll ut resten.

Del 2: Heilsetningar med to verb

Studer dei to setningane med fargar under og legg merke til kvar du skal plassere subjektet og verbala i setningar med to verbal (eit hjelpeverb og eit hovudverb). Legg merke til at:

  1. Når subjektet (eg) står først, skal dei to verba (skal dra) vere etter kvarandre.

  2. Når adverbialet (no) står først, skal subjektet (eg) stå etter hjelpeverbet (skal).

Oppgåve A

Plasser orda i rett rekkefølge ved å dra dei til rett boks nedst. Dei små blå i-knappane skal hjelpe deg med å plassere hjelpeverbet og hovudverbet på rett plass.

Plasser orda i rett rekkefølge ved å dra dei til rett boks nedst. Nokre av boksane inneheld tips som skal hjelpe deg med å plassere hjelpeverbet og hovudverbet på rett plass. Tipsa er dei små blå i-knappane.

Oppgåve B

Del 3: Skriv sjølv!

  1. Skriv ein kort tekst om kva du gjorde i går. Prøv å starte flest mogleg setningar med orda under. Hugs å ha verbalet framfor subjektet.

  2. Les tekstane høgt for kvarandre i grupper og gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å følge V2-regelen.

Start setningane dine med desse orda. Hugs V2-regelen!

  • I går...

  • På morgonen...

  • Til frukost...

  • Etterpå...

  • Så...

  • Etter det...

  • Seinare...

  • Til middag...

  • På kvelden...

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2023