Nivå 1: Lag enkle heilsetningar med lappemetoden - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Nivå 1: Lag enkle heilsetningar med lappemetoden

I denne oppgåva skal du bruke lappemetoden til å lage heilsetningar. Setningane inneheld subjekt, verbal, direkte objekt og adverbial.

Til læraren

La gjerne elevane lese fagartiklane "Setningar med adverbial" og "Setningar med adverbial og objekt" før du gjer oppgåvene under.

Dette er nivå 1 av lappemetoden. For å finne andre oppgåver og tips kan du gå til artikkelen "Lær elevane syntaks med lappemetoden".

Del 1

Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.

  1. Lag fire setningar med subjektet først i setninga.

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.

  3. Skriv sjølv: Lag to setningar med subjekt, verbal, direkte objekt og adverbial på eit ark eller på pc-en. Subjektet skal først.

Del 2

Bruk dei same lappane som i førre oppgåve.

  1. Lag fire setningar med adverbialet først i setninga.

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.

  3. Gjer om på dei to setningane de nettopp laga. No skal adverbialet først.

Del 3: Lag eigne lappar

Skriv ut dei tomme lappane i vedlegget og klipp ut setningsledda. Sit i par.

  1. Skriv inn setningsledd på lappane. På den blå subjektslappen må det stå eit substantiv (hunden, guten, mannen...) eller eit pronomen (eg, vi...). På den oransje lappen må det stå eit verb som kan ta objekt (gir, drikk, lagar, liker...) og så vidare.

  2. Byt lappar med ei anna gruppe. Klarer de å setje lappane saman til riktige setningar?

  3. Set dykk saman med gruppa de bytte lappar med, og samanlikn setningane de har laga.

Del 4: Skriv ei kort historie

Skriv ei kort historie om kva du gjorde i går. Prøv å lage enkle setningar med subjekt, verbal, direkte objekt og adverbial. Målet er at du skal

  • binde saman setningane med ord som "først", "etterpå", "så" og "til slutt"

  • plassere setningsledda subjekt, verbal, direkte objekt og adverbial på riktig sted

Sjå på dømet under:

  • Først drog eg til byen. Så gjekk eg på kafé. Etterpå besøkte eg ein venn. Til slutt drog eg heim.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2024