Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Leddsetningar med adverbial

Kvar skal dei ulike adverbiala stå i ei leddsetning?

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:

Adverbial
Adverbial seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stova), eller korleis noko skjer (Ho spring "fort"). I denne siste setninga er "fort" adverbial.
Stadsadverbial
Stadsadverbial er eit adverbial som fortel om kvar noko skjer. I setninga "Ho sit i stova" er "i stova" stadsadverbial.
Tidsadverbial
Tidsadverbial er eit adverbial som seier noko om når noko skjer. I setninga "Ho joggar kvar måndag" er "kvar måndag" tidsadverbial.
Måtesadverbial
Måtesadverbial er eit adverbial som seier noko om korleis noko skjer. I setninga "Han les sakte" er "sakte" måtesadverbial.
Preposisjon
Preposisjon er ein ordklasse med små ord som du ikkje kan bøye. Ofte seier dei noko om kvar noko er. I uttrykket "Under bordet" er "under" preposisjon, i uttrykket "ved sida av hunden" er "ved sida av" preposisjon, og i uttrykket "oppå bordet" er "oppå" preposisjon.

Kvar skal adverbialet stå?

Først skal vi sjå på kvar adverbialet skal stå. Vi har desse tre vanlege adverbiala:

Tidsadverbial

Tidsadverbial seier noko om når noko skjer. Veldig ofte startar tidadverbialet med ein :

  • I setninga "Sidan barnet mitt er sjukt i dag, må eg bli heime" er "i dag" tidsadverbial.

  • I setninga "Eg liker når sola går ned om kvelden" er "om kvelden" tidsadverbial.

Tidsadverbialet skal alltid stå sist i leddsetninga.

Stadsadverbial

Stadsadverbial seier noko om kvar noko skjer. Til liks med tidsadverbiala startar òg stadsadverbiala stort sett med ein preposisjon:

  • I setninga "Viss du ser i skapet, finn du koppane" er "i skapet" stadsadverbial.

  • I setninga "Då han reiste til Oslo, tok han bussen" er "til Oslo" stadsadverbial.

Måtesadverbial

Måtesadverbial fortel korleis noko skjer:

  • I setninga "Viss ho les fort, blir ho ferdig med leksene" er "fort" måtesadverbial.

  • I setninga "Ho synest at han syng vakkert" er "vakkert" måtesadverbial.

  • I setninga "Når hunden ivrig, er han glad" er "ivrig" måtesadverbial.

Også måtesadverbialet står til slutt i leddsetninga.

Viss leddsetninga har fleire adverbial

Ei leddsetning kan ha fleire adverbial. Sjå berre her:

  • I setninga "Ho synest at han syng vakkert i koret kvar måndag" er orda "vakkert i koret kvar måndag" alle adverbial.

  • I setninga "Ho reiser med toget til Oslo i morgon" er orda "med toget til Oslo i morgon" alle adverbial.

Som vist under pleier adverbiala å stå i leddsetningar når det er fleire av dei:

Måtesadverbialet står etter verbalet:

  • I setninga "Ho synest at han syng vakkert i koret kvar måndag" er "vakkert" måtesadverbial og står etter verbalet "syng".

Stadsadverbialet står nest sist:

  • I setninga "Ho synest at han syng vakkert i koret kvar måndag" er "i koret" stadsadverbial og står nestsist.

Tidsadverbialet står sist:

  • I setninga "Ho synest at han syng vakkert i koret kvar måndag" er "kvar måndag" tidsadverbial og står sist.

Adverbial i heil-og leddsetningar:

Ein forskjell mellom leddstillinga i og i leddsetningar er altså at adverbialet ikkje kan flyttast rundt i leddsetningar, slik det kan i heilsetningar. I heilsetningar kan nemleg tidsadverbialet stå både først og sist i setninga, som i desse døma der "i dag" er tidadverbial:

  • Adam et pizza i dag.

  • I dag et Adam pizza.

Visuell forklaring

Vi kan òg vise ordstillinga i heilsetningar på denne måten:

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å lage leddsetningar med adverbial.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 18.12.2023