Kulturmøte og identitet
Gjer gjerne oppgåvene i "Kulturmøtet mitt med Noreg" før du les denne artikkelen.
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:
- Kultur
- Her: Kultur er eit omgrep vi bruker om verdiar og idéar som menneske deler. Vi kan til dømes snakke om "den norske kulturen", "fotballkultur" og "popkultur".
- Kulturmøte
- Kulturmøte er når to eller fleire kulturar møtest.
- Etnisitet
- Etnisitet betyr at menneske høyrer saman som ei folkegruppe fordi dei har same historie, språk, kultur og kjem frå same område. Eit døme på bruk i ei setning kan vere: "I Noreg bur det folket med mange ulike etnisitetar".
- Sosialisering
- Sosialisering er det som som skjer når du lærer normer (uskrivne reglar) og verdiar. Sosialisering skjer både i familien, på skulen, blant venner og på internett.
- Minoritet
- Minoritet betyr mindretal. Viss det er mindre enn 50 % av ei etnisk folkegruppe i eit land, er dei ein minoritet. Vi kan til dømes seie: "Afghanarar er ein minoritet i Noreg".
- Majoritet
- Majoritet betyr fleirtal, at det er meir enn 50 % av noko. I Noreg er til dømes den norske befolkninga ein majoritet.
- Kultursjokk
- Kultursjokk er noko menneske kan oppleve når dei møter ein ny kultur. Å få eit "sjokk" betyr at du blir veldig overraska.
Kultur
Ordet kultur bruker vi om idéar og verdiar ei gruppe menneske deler. I gruppa har dei ein fellesskap. Verdiane gruppa deler, påverkar korleis dei lever. Vi kan til dømes snakke om "ungdomskultur" og "popkultur". I denne fagartikkelen bruker vi ordet om nasjonalitet og etnisitet. Døme er den norske kulturen og den somaliske kulturen.
Du er fødd inn i ein kultur. Gjennom oppdraging, opplevingar og sosialisering blir du ein del av kulturen du veks opp i.
Viss du flyttar til eit anna land, møter du ein annan kultur. I denne nye kulturen vil du ofte vere ein minoritet som lever blant dei som er ein majoritet. Sidan du kjem frå ein annan kultur, har du kanskje andre verdiar og eit anna språk enn den nye kulturen du har flytta til.
Vi kan seie at det som skjer når du flyttar, er eit kulturmøte. Den gamle kulturen din møter ein ny kultur. For mange er dette møtet vanskeleg, og det kan ta tid å finne ut korleis du skal leve i den nye kulturen. For kva er eigentleg identiteten din når du er midt mellom to ulike kulturar?
I boka Identitet og tilhørighet. Om ressurser og dilemmaer i en krysskulturell oppvekst skriv forskar Lill Salole om korleis ungdom som flyttar til eit nytt land, kan oppleve kulturmøte. Ho kallar ungdommane for "krysskulturelle". Det er eit omgrep som viser at ungdommane er fødde inn i éin kultur, men har flytta til ein annan.
Ein av reaksjonane på flyttinga kan vere kultursjokk. Ho skriv: "Når man flytter, mister man sin gruppe, i alle fall deler av den" (Salole, 2013, s. 102). I tillegg seier ho at den som flyttar, må lære seg nye kodar. Årsaka er at kodane er annleis i den nye kulturen.
Alt dette kan føre til kultursjokk. Du kjenner ikkje kodane og forstår ikkje kva eller kvifor menneska i landet oppfører seg som dei gjer, og kvifor dei seier det dei gjer. Kanskje har du òg mist status i det nye landet der ingen kjenner deg? Nokon synest det er vanskeleg å lære seg språket og komme inn i det nye skulelivet eller jobblivet.
Salole beskriv dette som kjensla av at både du sjølv og verdiane dine blir avviste.
Korleis passe inn i den nye kulturen?
Lill Salole skriv vidare at studiar av ungdom som flyttar, viser at dei har tre ulike måtar å tilpasse seg den nye kulturen på:
1. Integrasjonsprofil
Nokre ungdommar hadde ein integrasjonsprofil. Det betyr at dei både beheldt den gamle kulturen, men òg tok til seg den nye.
2. Etnisk profil
Dei med etnisk profil var mest oppteken av den gamle kulturen. Dei var ikkje så opptekne av å lære seg normene og verdiane i den nye kulturen.
3. Nasjonal profil
Ein heilt annan profil hadde ungdommar med nasjonal profil. Identiteten forandra seg mykje, og dei identifiserte seg mest med den nye kulturen. Dei var mindre opptekne av normene og verdiane i den kulturen dei var fødde inn i.
Mens du har lese denne fagartikkelen, har du kanskje skjønt at kulturmøte og identitet heng saman. Det å forlate éin kultur og møte ein ny vil gjere noko med synet ditt på deg sjølv. Identitet er flytande. Det betyr at måten du ser deg sjølv på, kan forandre seg.
Mange ungdommar har dessutan med seg foreldra sine når dei flytter til eit nytt land. Det er ganske vanleg at foreldre er meir opptekne av den gamle kulturen enn barna. Derfor vil mange ungdommar oppleve at det å gå inn og ut av døra heime, er det same som å gå inn og ut av to ulike kulturar. Korleis påverkar dette kulturmøtet identiteten til ungdommane?