Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kodekammer om ti uregelrette verb

Norsk har mange uregelrette verb. I denne ressursen er målet at du skal lære deg å bøye ti vanlege uregelrette verb. Først må du pugge litt, og så skal du konkurrere med dei andre i klassen i eit kodekammer.

Til læraren

Denne ressursen er todelt. Først skal elevane pugge verb. Etterpå skal dei spele mot kvarandre i eit kodekammer.

Elevane skal her jobbe med høgfrekvente norske verb. Dei må vite kva verba betyr, og dei må kunne bøye dei.

Pugging er ikkje alltid like gøy. Kva med å freiste med ei lita gulrot i etterkant av strevet? La elevane utfordre kvarandre i eit kodekammer etter at dei har pugga verba. Gi gjerne tydeleg beskjed om at dei som jobbar godt med del 1 og 2 (pugging), har større sjanse til å vinne i kodekammeret.

Kor raskt elevane blir ferdige med kodekammeret, kjem nok an på norskferdigheitene deira. Vi reknar med at dei vil bruke 20–45 minutt. Det er derfor fint om dei får 45 minutt til sjølve kodekammeret.

Vurder om du vil la elevane jobbe analogt med del 1 og 2. Mange elevar blir nemleg freista til å besøke kodekammeret litt for tidleg. Det er viktig at alle elevane startar samtidig med kodekammeret for at konkurransen skal bli rettferdig.

Del 1: Verb 1–5

Trinn 1: Veit de kva verba betyr?

Gå saman i par eller grupper. Veit de kva dei fem verba under betyr? Diskuter, og prøv å lage (minst) to dømesetningar til kvart verb.

  1. å vere

  2. å kunne

  3. å forstå

  4. å vite

  5. å bli

Trinn 2: Pugg bøying

Sit i par. Høyr kvarandre i bøying av verba som står i tabellen under. Hald på heilt til de kan alle verba.

Verb 1–5

Infinitiv

Presens (notid)

Preteritum (fortid)

Perfektum (fortid)

å vereervarhar vore
å kunnekankunnehar kunna
å forståforstårforstodhar forstått
å viteveitvisstehar visst
å bliblirbleihar blitt

Del 2: Verb 6–10

Gå fram på same måten som de gjorde i del 1.

Trinn 1: Veit de kva verba betyr?

Gå saman i grupper. Diskuter kva verba betyr, og lag dømesetningar.

  1. å skrive

  2. å ta

  3. å gjere

  4. å fortelje

  5. å spørje

Trinn 2: Pugg i par

Verb 6–10

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum

å skriveskrivskreivhar skrive
å tatektokhar teke
å gjeregjergjordehar gjort
å forteljefortelfortaldehar fortalt
å spørjespørspurdehar spurt

Del 3: Utfordre kvarandre i eit kodekammer

Til læraren

Fire tips

  1. Det er lurt å vise kodekammeret i plenum før elevane set i gang. Elevane kan ha ulike digitale ferdigheiter. Forklar derfor, og vis dei korleis dei kan bevege seg rundt i kodekammeret ved hjelp av musetastane.

  2. Det kan òg vere lurt å seie at dei må skrive ned koden som står i tilbakemeldinga dei får når dei har løyst ei grammatikkoppgåve. Viss dei ikkje får med seg denne, må dei løyse grammatikkoppgåva på nytt.

  3. Beveg deg rundt i klasserommet og legg merke til om nokre av elevane står fast eller mistar motet. Gi små tips, men hugs at elevane skal måtte kjempe litt for å finne dei rette kodane.

  4. Det kan vere greitt å ha med ei lærarrettleiing med hint og tips du kan gi elevane. Ønsker du å få tilsendt lærarrettleiing? Skriv til oss på hjelp@ndla.no.

Har du høyrt om digitalt kodekammer eller Escape Room før? Det er eit digitalt rom laga av 3D-bilete. Målet er å komme seg raskast mogleg ut av rommet. For å få til det, må du finne kodar undervegs. Kodane får du ved å vise at du kan bøye og bruke verba du har pugga i del 1 og 2.

Målet er sjølvsagt å lære verba endå betre, men òg å ha det gøy, spele og konkurrere.

Slik gjer du:

  • Trykk på øvst i høgre hjørne.

  • Bruk datamusa til å bevege deg rundt i rommet.

  • Trykk på ikona med piler eller låsar for å få oppgåver.

  • Viss du klarer å løyse ei oppgåve, får du ein kode.

  • Viss du skriv feil på ei oppgåve, får du eit raudt felt. Du kan rette opp svaret ditt ved å setje markøren i det raude feltet.

  • Trykk på pil tilbake oppe i venstre hjørne for å komme tilbake til rommet.

  • Førstemann til å låse seg ut av rommet har vunne!

NB! De kan òg spele i par. Det kan vere minst like gøy!

Del 4: Skriv ein tekst

  1. Skriv ei historie i fortid (preteritum og/eller perfektum) der du bruker verba over. Du kan gjerne la deg inspirere av bileta i kodekammeret. Det er ikkje så farleg om handlinga ikkje er heilt , og det er lov å skrive noko humoristisk eller sprøtt. Det viktigaste med denne øvinga er uansett at du øver på bruken av dei uregelrette verba.

  2. Byt tekst med ein medelev. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har brukt verba rett. Spør læraren viss de er i tvil.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 28.03.2025