Bruk Bildetema
Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Ordbok
- Ei ordbok er ei bok der alle orda i eit språk står. Orda står i alfabetisk rekkefølge.
- Fysisk ordbok
- Ei fysisk ordbok er ei bok som er i papirutgåve. Du blar i ho med hendene til du finn ordet du skal undersøke.
- Digital ordbok
- Ei digital ordbok er ei ordbok som du bruker på til dømes pc, nettbrett og mobil. Der kan du søke etter orda du vil undersøke.
- Ordtilfang
- Ordforrådet ditt er alle orda du kjenner og kan bruke rett i eit språk.
Bildetema er ei fleirspråkleg biletordbok som er delt inn etter mange ulike tema, som til dømes "Menneske og kropp", "Helse" og "Kjensler og humør". Boka inneheld eit grunnleggande ordtilfang der dei fleste orda er substantiv og adjektiv. Biletboka gir deg støtte i form av bilete og lyd til kvart enkelt ord. Dette kan vere til god hjelp for deg som har avgrensa ordtilfang i norsk.
Det ligg bilete og lydar til kvart ord under kvart tema.
Det at det er bilete i tillegg til orda, kan hjelpe deg med å utvide ordforrådet ditt.
Språk vel du i menylinja øvst på nettsida.
I tillegg til bokmål, nynorsk og engelsk finn du mange av dei store innvandrarspråka.
Du kan få lese opp ordet på språket du har valt ved å klikke på lydikonet.
Denne ordboka har ikkje bøying av orda.
Du kan skrive ut frå nettsida til Bildetema. Sjå etter ikonet "Skriv ut" når du har valgt deg eit tema, som til dømes "Kjensler og humør".
Legg merke til
Du kan òg velje om du vil vise orda eller ikkje i tillegg til biletet. Marker Vis ord. Kanskje du kan bruke nokon av funksjonane når du øver deg på å lære nye ord?
For deg som går yrkesfag, er det mange nye fagord som er spesielle for yrkeslinja di. Viss du har eit litt dårleg ordforråd på norsk, kan det vere ekstra vanskeleg å lære seg alle desse fagorda. Då kan Bildetema hjelpe deg med å lære betydninga av litt fleire ord.
I biletet over frå kategorien "Helse" og temaet "Medisin og medisinsk utstyr" i Bildetema er det fleire nyttige ord for elevar som går yrkeslinja Helse og oppvekst. Mange av orda er òg viktige å kunne for å ha eit godt nok ordforråd i kvardagsspråket i norsk.
Det same gjeld biletet under frå temaet "Framkomstmiddel" og "Bildelar og tilbehøyr". Her er det fleire nyttige ord for deg som skal jobbe på til dømes ein bilverkstad, men òg for deg som held på å ta førarkort på bil.
Tydeleg og rett uttale av ord er viktig. Det kan vere litt vanskeleg når du lærer eit nytt språk, spesielt viss det er ganske forskjellig frå førstespråket ditt, og det har andre lydar enn dei du er van med. Ved å trykke på lydikonet til kvart enkelt ord i Bildetema kan du lytte til rett uttale av orda både på norsk og andre språk. I språkveljaren endrar du til språket du vil ha ordet lese opp på. Då får du òg opp ordet skrive på språket du har valt.
Tenk over
Kan du mange norske ord allereie? Eller er det framleis mange ord som er ukjende? Kanskje er du meir trygg på nokon kategoriar i Bildetema enn andre?
Viss mange av orda i Bildetema er ukjende for deg, kan det vere lurt å bruke tid på å lære seg fleire ord ved å sjå på bilete, skrivemåte og lytte til rett uttale av ordet.
Bildetema har ord og innspelt lyd på mange ulike språk, mellom anna dei store innvandrarspråka i Noreg. Bildetema er derfor fin å bruke viss du skal utforske likskapar og ulikskapar i enkeltord i ulike språk. Du kan sammelikne både uttale og skrivemåte.
Relatert innhald
Lær korleis du kan bruke digitale ordbøker til å utvide ordforrådet ditt og forbetre rettskrivinga.