Fagstoff
Interaktivt innhald
Bli kjent med dei fem vanlegaste norske verba
I denne teksten skal du bli betre kjend med dei fem mest brukte verba på norsk. Målet er å kunne bøye dei i tid og å forstå korleis du bruker dei i tale og tekst.

"Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet". Sitatet frå skodespelet Hamlet av William Shakespeare er kanskje verdens mest kjente? Men visste du at verbet "å vere" er det mest brukte ordet på norsk?
Sjekk førkunnskapane dykkar
Gå saman i grupper:
Under ser de dei fem mest brukte verba på norsk. Diskuter kva dei betyr og lag minst ei setning til kvart verb.
Klarer de å bøye verba i tid også?
å vere
å ha
å bli
å kunne
å få
Kvifor skal eg lære dette?
Du skal no lære om dei fem mest brukte verba på norsk. Dette er verb du både vil høyre og lese ofte. Men det er òg verb som kan ha litt ulike betydningar i setninga. Derfor er det lurt å kjenne til dei ulike betydningane til desse fem vanlege verba.
Målet er òg å kunne bruke verba i ulike former og betydningar.
1. Å vere
2. Å ha
3. Å bli
4. Å kunne
5. Å få
Relatert innhald
Test deg i dei fem vanlegaste norske verba
Speeddate med dei fem vanlegaste norske verba.