Skriv eit lesarinnlegg

Før du startar
Du skal skrive eit svar på lesarinnlegget "Sosiale medier må ha 18-årsgrense!", som du finn i artikkelen "Les eit lesarinnlegg". Du kan velje om du vil vere einig eller ueinig med den som skreiv lesarinnlegget.
Del 1: Presskriv!
Først skal du gjere ei presskriving-øving. Presskriving betyr at du skriv fritt og utan stopp. Målet er å få tankane i gang:
Skriv fritt, utan å stoppe, i fem minutt. Du skal skrive di meining om sosiale medium og 18-årsgrense.
Skriv ei kort oppsummering av kva du meiner. Start med setninga: Det eg eigentleg meiner er ...
Del 2: Finn tre gode argument
No har du skrive ned det du meiner om 18-årsgrense i sosiale medium. Neste trinn er å finne gode argument for ditt syn på saka. Dette kan du gjere på tre ulike måtar:
Finn argument i teksten du laga i del 1 (presskriving).
Viss du gjorde oppgåva "Diskuter eit lesarinnlegg" i førre trinn i læringsstien, skreiv du ned argument frå tavla. Leit her etter gode argument.
Søk på internett for å finne forsking du kan bruke i lesarinnlegget ditt.
Finn det du meiner er dei tre beste argumenta for ditt syn. Skriv ned.
Del 3: Skriv lesarinnlegget
Skriv lesarinnlegget. Bruk gjerne "oppskrifta" under når du skriv. Ho skal hjelpe deg til å få ein god struktur og eit tydeleg språk.
Struktur | Setningsstartarar |
|---|---|
| Del 1: Kommenter lesarinnlegget og fortel om di meining. Skriv 3–4 setningar. |
|
| Del 2: Argument 1: Kom med det du meiner er det viktigaste argumentet for ditt syn. Skriv tre–fem setningar. |
|
| Del 3: Argument 2 |
|
| Del 4: Argument 3 |
|
| Del 5: Avslutning |
|
Skrivetips
Bruk gjerne etos, patos og logos når du skriv.
Du snakkar til hjernen ved å bruke fornuftige argument (logos).
Du snakkar til hjartet når du bruker kjensler (patos). Bruk ulike språklege verkemiddel (gjentakingar, retoriske spørsmål, verdiladde ord, metaforar osv.), fornuftige argument, tal og forsking.
Du får truverd (etos) ved å vise til ekspertar eller forsking. Finn argument frå personar som kan mykje om det du skriv om.
Del 4: Diskuter med ein medelev
Les opp innlegget ditt for ein medelev. Be eleven seie kva hen synest om innlegget ditt. Gav du gode argument, eller var det noko som var litt uklart?
Del 5: Gjer deg ferdig
Fiks opp i teksten din etter å ha fått tilbakemeldingar frå ein medelev.
Del 6: Bli lest!
Skriv ut lesarinnlegget slik at dei andre i klassen kan lese det.
Les kvarandre sine lesarinnlegg.
Kvar elev vel eit lesarinnlegg dei likte godt.
Fortel dei andre elevane i klassen kva innlegg du valde, og kvifor du likte akkurat dette.