Diskuter eit lesarinnlegg

Del 1: Les og forstå lesarinnlegget
Les gjennom lesarinnlegget "Sosiale medier må ha 18-årsgrense!" i ressursen "Les eit lesarinnlegg".
Skriv ned kva du meiner er bodskapen i teksten– altså det avsendaren ønsker å fortelje.
Kva for argument bruker avsendaren for å overtyde lesaren om at sosiale medium bør ha 18-årsgrense? Skriv ned dei argumenta du finn i punkt under bodskapen.
Kva for delar av teksten meiner du har dei beste argumenta? Marker i teksten.
Gå saman med ein medelev og samanlikn svara.
Del 2: Analyser innlegget
Avsendaren bruker både etos, patos og logos for å overtyde. Korleis blir dei ulike appellformene brukte?
A. Finn logos (fornuft)
Avsendaren prøver å overtyde lesaren ved å bruke logiske argument og tal. Marker dei delane der det er logos i teksten.
Kvifor trur du avsendaren bruker logos?
Synest du logosargumentasjonen er vellykka – altså at han er god? Kvifor?
B. Finn etos (tillit)
Etos handlar om å vise at vi har kunnskap, eller at ekspertar støttar det vi seier. Marker dei delane i teksten der forfattaren bygger opp tillit. Kva for kjelder bruker han for å styrke argumenta sine?
Etos handlar òg om å vise at vi bryr oss om andre, og at vi har god moral. Finn du døme på dette i teksten? Marker.
Kvifor trur du avsendar bruker etos?
Synest du etosargumentasjonen er vellykka?
C. Finn patos (kjensler)
Avsendar vil overtyde lesaren ved å spele på kjenslene. Kva for delar av teksten gjer dette? Marker i teksten.
Språklege verkemiddel
Ein viktig del av patosargumentasjonen er språklege verkemiddel. Sjå etter følgande språklege verkemiddel i teksten:
Gjentaking: Nokre ord eller frasar blir gjentekne. Finn desse. Kva funksjon meiner du dei har i teksten?
Direkte førespurnad: Av og til skriv avsendaren rett til deg – lesaren. Finn døme på dette. Kvifor trur du avsendaren skriv slik?
Retoriske spørsmål: Finn døme på spørsmål der avsendaren ikkje ventar svar. Korleis trur du desse spørsmåla skal verke på lesaren?
Del 3: Diskuter i grupper
Samanlikn svara dykkar i grupper
I del 1D skulle de markere den delen av teksten som hadde dei beste argumenta. Samanlikn det de har markert og diskuter om det er brukt patos-, logos- eller etosargumentasjon. Fortel òg kvarandre kvifor de markerte denne delen.
Del 4: Ha ein diskusjon i klassen
Diskuter bodskapen i lesarinnlegget saman i klassen. Er de einige i at sosiale medium bør ha 18-årsgrense? Ein elev eller læraren skriv argumenta for og imot på tavla.
Avslutt med å skrive ned dei argumenta du synest er best. Desse treng du til det neste trinnet i læringsstien – når du skal skrive ditt eige lesarinnlegg.
Gå vidare i læringsstien for å skrive eit svar på lesarinnlegget du nettopp har lese.