The Current War - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

The Current War

The Current War er eit historisk kostymedrama om den første store teknologikrigen. Vi blir med tilbake til slutten av 1800-talet. Thomas Edison og George Westinghouse konkurrerer om kva for eit elektrisk system som skulle bli standard i den moderne verda.

Om filmen

The Current War er inspirert av verkelege hendingar. På slutten av 1800-talet er verda framleis mørklagd, og blir berre lyst opp av eld.

Thomas Edison (Benedict Cumberbatch) og George Westinghouse (Michael Shannon) har utvikla kvart sitt elektriske system. Dei konkurrerer no om å vinne den amerikanske marknaden. På kvar sin kant prøver dei to å overtyde investorar, og den amerikanske presidenten, om at løysinga deira er den beste og tryggaste.

Kampen mellom Edison og Westinghouse når høgdepunktet sitt då det skal avgjerast kven som skal vere straumleverandøren til verdsutstillinga i Chicago i 1893.

Oppfinnaren Nikola Tesla spelte ei viktig rolle i straum-kappløpet, og dukkar òg opp i The Current War. Tesla er kjend for å ha laga dei første store og pålitelege vekselstraumgeneratorane. Tesla jobba først for Edison og seinare for Westinghouse.

Ideal og ego

I tillegg til å handle om elektrisitet og om straumkrigen på slutten av 1800-talet er The Current War ein film om ny teknologi, idear og maktkamp og om korleis egoet til menneske kan komme i vegen for ideal.

Konflikten mellom ideal og ego kjem til utrykk i måten Thomas Edison blir framstilt på i filmen. Edison verkar som ein idealistisk familiemann med ein draum om å hjelpe menneskeslekta gjennom oppfinningane sine. Men utover i filmen blir Edison driven stadig meir av makt, av målet om å vinne straumkrigen og av kjendisstatus. Han klarer ikkje å sjå at dei elektriske systema hans kanskje ikkje er den beste løysinga likevel.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Tesla

Historia om oppfinnaren Nikola Tesla og den revolusjonerande vekselstraummotoren hans.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 03.02.2022